Gjensidige vil bli landbruksbank

For eitt år sidan etablerte Gjensidige sin eigen bank. Den har eitt kontor, i Førde, og opererer elles som ein rein nett- og telebank. No rettar banken seg mot landbruskundane.

Publisert

Gjensidige er frå før dominerande på landbruksforsikringar. For eit år sidan oppretta forsikringsgiganten sin eigen bank, i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane. Banken har kontor i Førde, og oppsummerer sitt første driftsår som bra. Så langt er det satsa primært på privatkundarNo står landbruket for tur. Administrerande direktør Jan Kaare Hellevang lovar ei hard satsing.– Vi skal tilby alle typar banktenester som kundane etterspør, seier han til avisa Firda.Med det blir dei to samvirkebedriftene Landkreditt og Gjensidige, begge med sterke band til landbruket, stadig tøffare konkurrentar på dei same beita.

Powered by Labrador CMS