reg-stat-ill

Svært stabilt

Juli vart nok ein god traktormånad, mykje betre enn i fjor. Den vesle stagnasjonen vi trudde vi såg i juni er avlyst inntil vidare. Og John Deere er på hogget att.

Publisert

Felleskjøpet har sin nest beste månad til no i år. Berre juni var betre, med to fleire traktorar. Begge desse sommarmånadane er hjorten registrert i omlag 120 eksemplar. Det er meir enn nummer to og tre for juli har i sum.

Med dette ligg John Deere 1,1 prosentpoeng framom marknadsandelen på same tid i 2006, men med heile 64 fleire traktorar.

Grunnen til at det ikkje gir større utslag i marknadsandelane, er at totalmarknaden er opp med 5,7 prosent, eller 137 traktorar.Sterk marknadDermed er det registrert over 2500 traktorar i årets sju første månader. I løpet av dei første vekene i juli passerte dermed traktorregistreringane til no i år det som vart registrert på eit heilt år i botnåra 1992 og 1993.

Den vesle skepsisen vi hadde i kommentaren vår for juni, om at registreringstala kan hende går til 2005-nivå, trekkjer vi tilbake til så lenge.Nesten inga rørslePå plassane to til fire, der vi finn MF, New Holland og Valtra, er fordelinga av marknaden som i fjor. MF har levert fleire traktorar, men er ørlite tilbake på marknadsandelen, mens dei to andre har nøyaktig same marknadsandelen som dei hadde for 12 månader sidan.

Den gongen var det seks traktorar som skilde New Holland og Valtra. I år er det sju traktorar som avgjer pallplass eller ikkje. MF har ein margin ned til New Holland på 55 maskiner.Pluss og minusClaas held koken på femteplassen sin. Juli er årets svakaste månad i tal traktorar, utan at det avviket er så stort at vi skal bry oss så særleg med det.Fendt er omlag som i fjor, som var eit godt år for merket.CaseIH held fram å tape. Juli er årets dårlegaste månad, med sju traktorar og 2,1 prosent marknadsandel. Like få traktorar gjekk også ut i februar, men då var CaseIHs bit av marknaden større. Til no i år ligg merket på 3,8 prosent. Det er to prosentpoeng under fjoråret.McCormick er i nesten same situasjon som CaseIH, enda i marknadsandel er ørlite mindre. Seks traktorar i juli er under halvparten av ein normalmånad.Zetor i sigetFor andre månad på rad er Zetor femte mest populære merke. Ser vi på året under eitt, er Zetoren oppe på åttandeplass, forbi McCormick. Faktisk er også CaseIH innan rekkevidde, sju traktorar framom tsjekkaren. Ein månad til som juli, så er det gjort.Resten ca. som vanleg Vidare nedover lista er det absolutt ingenting som skil seg frå normalen. Ting er omlag som det var førre månad, og endringane frå situasjonen i fjor er nær null.

Vi kan sjølvsagt nemne at Deutz-Fahr har fått registrert ti traktorar, som er bra til DF å vere. Landini har fire og Lamborghini fem. Heller ikkje det er ille. Dessutan har jo Belarus fått registrert ein traktor. Det skjer ikkje kvar månad.Importørar og konsernFordelinga på importørar og produsentar er som i juni, der vi hadde ein fyldig halvårsomtale. Prosentane er ørlite endra som ein konsekvens av John Deeres gode juli, men styrkeforhold og rangering er ikkje påverka.

"
Powered by Labrador CMS