fartsskrivar traktor

Køyreforbod: Mangla skrivar!

Ein av Olav Berstad sine traktorar vart pålagt køyreforbod av UP, fordi den manglar fartsskrivar. Pålegget kom som lyn frå klar himmel, og Berstad fortvilar.

Publisert

Det var i samband med eit anlegg på Strynefjellet at UP brått dukka opp torsdag. Berstad har JCB Fastrac og gravemaskin, og sjåføren var på vegen med eit lass grus.– Det einaste UP sjekka, var om traktoren hadde skrivar. Ingenting anna brydde dei seg med å sjekke. Føraren fekk totalt køyreforbod. Det var ikkje ein gong snakk om å få køyre opp og tippe hengaren, så vi kunne parkert traktoren heime, fortel Berstad.UryddigKøyreforbodet skaper naturleg nok problem for Berstad, som no har ein førar utan maskin, og som treng traktoren for å få gjort jobben i tide.Vel så ille er det at pålegget kom aldeles uventa.– Greitt nok om vi hadde blitt stoppa for manglande lys eller enda til dårlege bremser, altså ting som vi kunne visst om og der vi kjenner reglane. Men her får vi køyreforbod basert på ein regel vi ikkje kjenner, og som tydelegvis blir praktisert på tilfeldig utvalde. Eg protesterer ikkje på eit eventuelt krav om skrivar, men då må det vere likt for alle, og då må regelen innførast på annan måte enn at UP stoppar traktorar som tilfeldigvis kjem i vegen for dei, fortvilar Berstad.Anonym politiHan understrekar at køyringa var det som er definert til å vere eigentransport, noko UP heller ikkje brydde seg med. Attpå alt er køyreforbodet signert slik at det er uråd å tyde namnet på politimannen. – Ganske ille at traktoren min må stå stille oppå fjellet fordi ein anonym politimann stoppar meg etter ein regel ingen kjenner til. Dette går ikkje an, konstaterer Berstad.Har skjedd fleireBedre Gardsdrift kjenner til at det finst spreidd praktisering av eit ukjent regelverk om fartsskrivar på traktor. I alle andre saker vi kjenner til har traktoren normalt einast fått mangellapp, med høve til å køyre vidare.Dessutan, i alle tilfella har traktoreigaren klaga på pålegget, og saka er lagt bort utan at det er gjort meir med trakoren. Les tidlegare artiklar frå Bedre Gardsdrift om enmnet her.

"
Powered by Labrador CMS