mf 5470 carrier

Maskinleigeprisane

Årets liste over maskinleigeprisar finn du i Bedre Gardsdrift 4/07, postlagt 10. mai. Til så lenge finn du ein hurtigguide basert på fjorårets prisar her.

Publisert

Denne lista er eit kjapt utplukk av dei mest aktuelle prisane frå 2006-lista, den grundigaste og mest komplette lista over maskinleigeprisar og leigekøyringsprisar som nokon gong er presentert i Noreg. Kjeldegrunnlaget er svært omfattande, og i den komplette lista er det også oversikt over eventuelle tillegg og fråtrekk som ikkje kjem fram i hurtiglista. Der er står også høgaste og lågaste registrerte pris, slik at du ser kva spenn det er i prisane.Fort og greittEr det snakk om mindre leigeoppdrag, kjem du langt med hurtiglista vår. Rett nok er her berre i 101 prisar her, mot to og ein halv gong så mange i originalen, men vi trur dette kan hjelpe deg eit stykke på veg.Mange moment å passe påKva som er rette prisen er det berre leigetakar og utleigar som kan bestemme i kvart enkelt tilfelle, basert på kva forhold køyringa går under, prisnivå i området og meir til. Difor er det lurt å bli samde om pris på førehand, og gjerne også skrive ein avtale. Det kan særleg vere viktig om reiskapen blir leigd ut utan førar, for å unngå unødig konflikt etterpå. Utkast til slik avtale finn du her på gardsdrift.no.Omfattande emneKvart år har Bedre Gardsdrift ein solid artikkel om maskinleigeprisane, der du både får generell informasjon om leigemarknaden, tips til prissetting og andre informasjonar som kan vere nyttige. I 2006 hadde vi prislista over tre fulle sider i bladet, forutan ein artikkel om emnet på tre sider til. Alt dette finn du berre i papirutgåva, og du finn ikkje tilsvarande nokon annan plass. Abonnement på Bedre Gardsdrift kan du ordne med her. Det kostar mindre enn å leige ein mann med traktor og dumperhengar i ein time, så det er godt mogeleg å tene inn heile abonnementet berre på å sjekke prisar i denne eine artikkelen..." Har du bladet frå før, men er av dei svært mange som ikkje finn det att når du treng det, tilrår vi aktiv bruk av samleperm. Samleperm kan du bestille her." Todelt listePrislista vår er delt i to. Først kjem prisane på maskinleige (svart tekst), der kvar pris er prisen for den nemnde maskina pr. time der ikkje anna er oppgitt. Deretter følgjer prisane for leigekøyring, skrive i grønt, der førar og evt traktor med tilhøyrande kostnader er inkludert.Utkast til avtale ved maskinleige kan du laste ned her.

"
Powered by Labrador CMS