Det luktar svidd

Etter tre månader er traktorregistreringane heile 12 prosent betre enn i fjor. Valtra er i siget, og saman med Claas gjer dei to Lantmännen til landets nest største traktorimportør.

Publisert

John Deere er ikkje uventa på førsteplass, og heller ikkje uventa noko svakare enn på same tid i fjor. Det skuldast nok dels overgangen frå 6020 til 6030-serie, utan at vi har sjekka meir om bakgrunnen for 2,6 prosentpoeng svakare marknadsandel.New Holland held andreplassen, slik dei har gjort heile første kvartal. Valtra har vore like stabil på tredjeplass, men ser vi berre på mars, merkar vi oss at Valtra er nest største merke, og totalt har finnen auka med 2,0 prosentpoeng i marknadsandel.Også MF på fjerde og Fendt på femte er i framgang. Fendt er forbi Claas, enda nykomaren slår god ifrå seg.CaseIH held fram å gå tilbake. Også McCormick går bakover, etter at dei i fjor hadde sitt beste år i nyare tid. For McCormick er tilbakegangen ganske stor. Ingen andre merke taper like mange traktorar som McCormick.Statusen for importørane tar til å bli interessant. Dei fire store ligg mellom 208 og 267 traktorar kvar. I prosent er det 20,3 til 26,0, og vi meiner dette er tett løp til å vere så tidleg på året.FK er størst, og det er vel inga bombe. Meir overraskande er det nok for mange at Lantmännen er landets nest største traktorimportør, før A-K og Eik.Som alle trufaste lesarar av denne spalta for lengst har fått med seg, var 2006 eit svært godt traktorår. Til no i 2007 er registreringstala meir enn 12 prosent betre, noko som betyr at 113 fleire traktorar med skilt er levert ut til norske kundar i årets første kvartal.

Powered by Labrador CMS