jaget vilt-n

Breiare-enn-2,55-regelen til vurdering

Etter sterkt press frå Bondelaget har Vegdirektoratet bestemt seg for å sjå på korleis reglane for brei transport vert praktisert enda ein gong, før dei er ferdige med førre vurdering.

Publisert

Dermed kan det hende at det ikkje blir behov for å sende søknad om dispensasjon i fullt så mange tilfelle der reiskapen er mellom 2,55 og 3,50. Ved køyring under fem km er det ikkje behov for dispensasjon i alle tilfelle, så sant du forflyttar deg, altså ikkje driv transport av noko, og at køyringa har samanheng med landbruksdrift.Av ein eller annan grunn har det med fem kilometer blitt ein uskriven regel som mange i Vegvesenet følgjer, og før påske vart det antyda at alle som skulle lengre enn fem km med nemnde breidder må søkje dispensasjon. Det er denne avstanden som no vert vurdert på nytt. Kva konklusjonen blir veit enno ingen, men Bondelaget har i alle fall oppnådd at denne detaljen er oppe til ny vurdering, med håp om eit meir leveleg utfall.Bakgrunnen for at saksbehandlaren i Vegdirektoratet meinte det var smart at alle må søkje dispensasjon for å køyre lenger enn fem kilometer, er at direktoratet då får ein oversikt over kor mange problemet gjeld.På sikt vil Vegdirektoratet gå gjennom heile dette regelverket på meir skikkeleg vis, men når dette kan skje er uvisst.Til så lenge: Dersom du skal køyre meir enn fem kilometer med reiskap breiare enn 2,55 meter, kan det vere lurt å søkje dispensasjon. Ein slik søknad bør sendast inn seinast tre arbeidsdagar før du skal køyre. Søknadsskjema med rettleiing finn du her:Søknad om dispensasjon for spesialtransport" I dokumentet er også telefonnummer du kan ringje for å få rettleiing, og faksnummer og adresser for innsending.Du vert kan hende ikkje særleg sjokkert om vi nemner at det kjem meir om saka, når vi veit meir om den, her på gardsdrift.no og i Bedre Gardsdrift.Sjå også Breiddereglane: Søk disp!!

"
Powered by Labrador CMS