jaget vilt-n

Bondelaget krev opprydding

No har også fleire andre media oppdaga problema landbruket har med breidde-regelen. Bondelagets brev til Vegdirektoratet er sitert av mange publikasjonar.

Publisert

I går sende NTB ut ei pressemelding som temmeleg mange har brukt, der Norges Bondelags brev til Vegdirektoratet vert referert til. Bondelaget krev mellom anna at landbruket blir tatt på alvor, og forklarer i brevet nok ein gong kva problemet går ut på og korleis det rammar bøndene.Som vi skreiv i Bedre Gardsdrift for lenge sidan, var det eit møte før jul mellom bondelag og direktorat, der sistnemnde lova gjennomgang av korleis dagens forskrifter bør tolkast med omsyn til kor langt du kan køyre med overbreidde. Den gjennomgangen har meir eller mindre gått i ball, noko du kan lese om her og her. " Artikkelen frå NTB kan du lese til dømes i denne nettavisa, men den er også brukt i både andre lokal- og regionaviser på nett, og av ymse bransjesider innan bygg og anlegg, totalt minst 25 publikasjonar.Med andre ord tar saka til å få ei viss merksemd, og det er jo bra.

"
Powered by Labrador CMS