Traktor mista tilhengar, bilførar omkom

HORDALAND/KVAM: Ein traktor mista hengaren, som traff ein personbil i sida. Mannen som sat i personbilen vart skadd og døydde.

Publisert

Ulukka skjedde langs Fv 49 søraust for Norheimsund, langs Hardangerfjorden i Hordaland, mellom klokka 19 og 20 tysdag kveld.

Føraren av personbilen vart først meldt medvitslaus, og vart raskt karakterisert som alvorleg skadd. Naudetatane kom til staden og ytte førstehjelp, men konstaterte etter kort tid at bilføraren, ein mann i 30-åra, omkom av skadene.

Lensmannen seier onsdag føremiddag til Bedre Gardsdrift at det enno er for tidleg å gå ut med meir informasjon om hendinga, då det framleis vert etterforska. Dei involverte køyretya er tekne inn til tekniske undersøkingar.

Det er sett i verk tiltak for å ta seg av dei involverte, både dei pårørande til den omkomne mannen i 30-åra og traktorføraren.

Powered by Labrador CMS