Traktorføraren som lånte denne traktoren er sikta for aktlaus køyring i samband med dødsulukka der ei 17 år gammal jente omkom. Foto: Magnus Østby

16-åring sikta for aktlaus køyring

ROGALAND/NÆRBØ: Guten som førte traktoren der ei 17 år gammal jente ramla ut og døydde, er sikta for aktlaus køyring, og førarkortet er beslaglagt.

Publisert

Det var laurdag 2. juli den tragiske ulukka skjedde. Langs ein veg nær eit bustadområde har traktoren, ein tohjulsdriven Massey Ferguson 390T, kome delvis oppå ein fortauskant. Føraren har mista kontrollen ein augneblink, og samstundes ramla jenta ut og kom under traktoren. Ho vart påført så store skader at ho omkom. I tillegg til føraren og jenta var der ein gut til i traktoren då ulukka skjedde.

Brot på trafikkens grunnregel

Politiet melder no, mellom anna via aftenbladet.no, at føraren er sikta etter paragraf 3 i Vegtrafikklova. Denne paragrafen er også kjent som trafikkens grunnregel.

– Vi har kverrsett førarkortet og sikta føraren for brot på regelen om å ferdast hensynsfullt og vere aktpågivande, seier politiadvokat Anders Christiansen til Aftenbladet. Strafferamma her er bøter eller fengsel i inntil eitt år, om ikkje hendinga blir vurdert til også å kome inn under andre og strengare reglar.

Traktoren registrert for ein

Politiet stadfestar vidare at traktoren som var involvert i ulukka er registrert for ein person. I traktor som i andre køyrety er det ikkje lov å vere fleire enn køyretyet er registrert for.

Arbeidstilsynet krev at det skal brukast belte ved køyring der det er risiko for velt. I praksis vil det omfatte all køyring langs veg. I og med at traktoren ikkje var registrert for meir enn ein person, er der ikkje krav om setebelte for fleire. Sidan køyringa her ikkje har samband med arbeid, er det grunn til å tru at Arbeidstilsynet sine reglar ikkje er eit tema i denne saka. Trafikkreglane omtaler ikkje bruk av belte for jordbrukstraktorar.

Framleis etterforsking

Det var fleire vitne til hendinga enn dei som var i traktoren. Politiet er enno ikkje ferdig med etterforskinga, og er såleis ikkje ferdige med sine konklusjonar.

Den omkomne jenta vart gravlagt på heimstaden Ølen sist fredag. Ho var akkurat ferdig med første året på Tryggheim vidaregåande skule på Nærbø, som er ein internatskule. Det var sett opp bussar frå Nærbø til Ølen i samband med gravferda.

Vegtrafikklova § 3.Grunnregler for trafikk.

Enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.

Vegfarende skal også vise hensyn mot dem som bor eller oppholder seg ved vegen.

Powered by Labrador CMS