Stor nedgang i Storbritannina

Registreringsstatistikken viser at britiske bønder og maskinbransje har hatt 12 tøffe månader. Globalt har John Deere tapt ein femtedel av salet sitt, med halvert profitt som resultat.

Publisert

Traktormarknaden i Storbritannia er av dei store i Europa. Tøffe tider og skepsis til framtidsutsiktene gir seg utslag i stor nedgang i traktorregistreringane: Ned 14,8 prosent frå 2014 til 2015, med 10 598 traktorar som resultat. Dette talet gjeld traktorar over 50 hk. Det er Farmers Weekly som melder dette. I Noreg er 94 prosent av traktorane større enn 50 hk, og den totale tilbakegangen hos oss var 2,0 prosent. Vi hadde derimot eit fall på same nivå som øybuarane der i vest frå 2013 til 2014.

Dårlegaste desember på over 10 år

Den britiske gjennomsnittstraktoren er no 157 hk, ein auke på 1,3 prosent. Året slutta heller stusseleg der borte, med beskjedne 558 registreringar i desember – det dårlegaste resultatet på meir enn ti år.

Nedgang også internasjonalt

Dårleg etterspurnad internasjonalt har råka John Deere særleg hardt, melder Farmers Weekly. På verdsbasis har JD-salet gått ned med ein femtedel. Innteninga er nærast halvert. Både John Deere og andre produsentar forventar at nedgangstidene i bransjen held fram i 2016.

Powered by Labrador CMS