Strøvogn til Kolbu

Ein av premiane i BG-nøttene har veldig enkle reglar: Den blir trekt mellom alle som deltar. Totningen Leif Bustebakke sikra premien frå Sisu.

Publisert

Gode greier! I vinter har det vore meir behov for strøvogn enn for snøfres, så dette passar bra, svarer Leif i det han får telefon om premien. Ein premietype han forresten set stor pris på:

– Eg starta med friskt mot, men med skiftarbeid, ungar, fjøs og litt haltande helse datt eg litt av nøtteknekkinga etter ei stund. Så det at der er ein premie mellom hovudpremiane også til oss som ikkje rekk å svare kvar dag, det skal BG-nissane ha ros for!

Spesiell hovudpremie

Strøvogn frå Sisu ligg saman med dei andre hovudpremiane i sekken med dei mange gevinstane, men den har altså sine eigne reglar.

BG-nøttene har nemleg tradisjon for å trekke ut ein premie mellom alle som deltar. Svarer du berre ein gong, er du med i trekninga. Nissane er heller ikkje så nøye på om svaret er rett. Her er det om å gjere å delta, det er heile poenget.

Leif Bustebakke får telefon frå BG seint på kvelden, men er likevel på arbeid. Han jobbar skift hos Franzefoss Miljøkalk, og akkurat i det telefonen kjem er han i ferd med å legge om produksjonen frå industrikalk til landbrukskalk.

Dessutan driv han med sau.

– Om det var opp til meg, skulle eg gjerne vore heiltidsbonde. Det lar seg ikkje gjere slik situasjonen er. I området her er det mange aktive bønder, og stort rift om jorda. Det er jo bra, men ikkje for gardar som min. Eg har hatt 80 vinterfôra sauer, og har fôrgrunnlag til det. For å leve av sau, må talet opp. Då må eg ha større areal. Med mange store grønnsaksprodusentar i området, som betaler mellom 400 og 1000 kroner pr. dekar, seier det seg sjølv at ein sauebonde ikkje kan konkurrere om jorda, konstaterer Leif. Sommarbeite er der derimot nok av innover Totenåsen.

Litt ryggplager gjer at han har trappa noko ned på sauehaldet, og han vurderer ammeku. Interessa for husdyr er større enn lysta til å sitte på traktoren, så gardsdrifta må vere husdyrretta.

– Sjølv om eg har dårlegare betalt for å drive i landbruket enn for å drive ute, meiner eg det er viktig å stå på og produsere mat.

Har både mannskap, maskiner og strøsand

I romjula heldt eine junioren det gåande i lange stunder med leiketraktor og utkøyring av strøsand på glatta. Ein eldre bror har ATV, og sjølv rår Leif naturleg nok over både bil og traktor. Så det å finne høveleg trekkmaskin for sandstrøaren vil neppe vere noko problem. Ei heller å skaffe mannskap til strøinga.

– Enn strøsand, har du tilgang på det?

– Skulle tru det, ja, seier han og kikar ut over Franzefoss sitt område. – Trur eg kan få kjøpt noko. Her ligg nokre tusen tonn på lager, så det ordnar seg nok!

Relaterte artikler

Powered by Labrador CMS