Raske traktorar er så godt som aldri involverte i alvorlege trafikkulukker. Det er noko av argumentasjonen Senterpartiet legg fram mot eit krav om EU-kontroll av traktor.
Raske traktorar er så godt som aldri involverte i alvorlege trafikkulukker. Det er noko av argumentasjonen Senterpartiet legg fram mot eit krav om EU-kontroll av traktor.

Senterpartiet går mot PKK på 50 km/h-traktorar

Med fakta frå Bedre Gardsdrift som grunnlag argumenterer Senterpartiet mot innføring av kontroll av raske traktorar.

Publisert

Bakgrunnen for saka er at EU vil innføre periodisk kjøretøykontroll (PKK ) av såkalla T5-traktorar, altså traktorar med hastigheit over 40 km/h. Dette direktivet skal vere implementert i norsk lov innan mai 2017, men Senterpartiet vil gå mot dette.

– Eit slikt krav vil ikkje ha nokon effekt på ulukkene, argumenterer stortingsrepresentant Janne Sjelmo Nordås. Bakgrunnen for denne utsegna er argumentasjon mellom anna henta frå Bedre Gardsdrifts unike ulukkesstatistikk.

BG har info som ingen andre samlar inn

Bedre Gardsdrift har ført detaljert statistikk over alle dødsulukker med traktor sidan 2008. Senterpartiet har kontakta Bedre Gardsdrift for å bygge opp sin argumentasjon i denne saka. Talgrunnlaget vi sit inne med viser at teknisk feil på traktorar med toppfart over 40 km/h ikkje har vore tema i ei einaste dødsulukke i denne perioden. Faktisk har det, ut frå det vi kjenner til, heller ikkje skjedd ulukker der farten i seg sjølv har vore utslagsgivande for alvoret i ulukka. Ein slik detaljkunnskap om norske traktorulukker er det ingen andre som rår over.

Samsvarer med europeiske undersøkingar

Tendensane I BG-statistikken er likevel ikkje unike. Europeiske undersøkingar viser reint generelt at nye traktorar er langt mindre involverte i alvorlege ulukker langs veg enn eldre traktorar, trass i at det er dei nyaste traktorane som køyrer klart mest langs veg.

Sjelmo Nordås peikar på at kravet vil føre til unødige kostnader og unødig traktorkøyring langs veg, i og med at ikkje alle verkstader kan utføre PKK på traktor.

Senterpartiet: Sats på betre opplæring

I mars 2016 var Norges Bondelag og Bedre Gardsdrift atter i møte med samferdsledepartementet. Dette kan du lese meir om i førstkomande Bedre Gardsdrift. Eit av framlegga i dette møtet er at kvaliteten på føraropplæringa på traktor blir heva, men også at alle andre førarklassar får betra sin kunnskap om landbruksmaskiner i trafikken. Argumentasjonen frå bondelaget og Bedre Gardsdrift er at meir kunnskap gir betre tryggleik. Senterpartiet stiller seg bak dette kravet, og hengjer seg også på andre krav som Bondelaget og Bedre Gardsdrift har trekt fram gjennom fleire rundar: Haldningsskapande arbeid mellom dei som køyrer traktor, og arbeid for at fleire skal bruke belte.

Bedre Gardsdrifts ulukkesstatistikk for traktor

  • Frå 2008 til 2016 har det vore totalt 51 dødsulukker knytt til traktor.
  • I seks av desse ulukkene har traktoren vore passiv (stått stille på sida av vegen og blitt påkøyrd av annan trafikkant o.l.). Ser vi bort frå desse, står vi att med totalt 45 dødsulukker.
  • 11 av dødsulukkene har skjedd langs veg.
  • Av desse er sju åleineulukker (person i/på traktoren døyr). Tre er påkøyrsle av fotgjengarar (i låg fart) og ei ulukke vart traktoren påkøyrd av bil som kom over frå møtande køyrebane (bilføraren omkom).
  • Seks av dei sju åleineulukkene skuldast utforkøyring eller velt. I den sjuande ulukka fall ein passasjer av traktoren i låg fart og vart overkøyrd.
  • I ei av åleineulukkene kan farten ha vore over 40 km/h, men traktoren var ikkje registrert for høgare fart. Utfallet av ulukka skuldast manglande bruk av belte.
  • Hastigheit over 40 km/h har ikkje vore relevant for nokon av dei andre dødsulukkene.
  • På ulukker som involverer nyare traktorar har ikkje teknisk tilstand vore relevant.
  • På ulukker som involverer eldre traktorar (i stor grad veterantraktorar) er teknisk feil meir vanleg. Desse ulukkene råkar i stor grad eldre traktorførarar. Også her er ofte manglande bruk av belte vesentleg for utfallet.

Ved all køyring som fører med seg risiko for velt stiller Arbeidstilsynet krav til bruk av belte. All køyring langs veg fører med seg fare for velt, og belte skal difor brukast.

Powered by Labrador CMS