Duun til innebruk.
Skjæret passar i trekkstengene på modelltraktorar som har skikkeleg trepunktsløft.

Duun-skjær i miniatyr

Downscale 3D, som er firmanamnet modellentusiasten Harald Thingbø opererer med, har fått Duun traktorskjær i sortimentet.

Publisert

Vel å merke i 1:32-skala, og med plast i staden for høgfast stål i konstruksjonen. Men også med eit litt anna bruksområde, og med ein heilt annan pris.

Delene kjem inn som byggesett, som Harald Thingbø monterer saman til komplette modellar. Skjæret vert seld vidare komplett, gjennom www.traktormodeller.no.

Skjæret er av modellen Duun HTS 305, og detaljrikdomen er stor. Her er hydraulisk bom og blad, og hydraulikkslangar med iso-koplingar i enden. Støttefoten kan løftast opp og settast ned. Støttehjula dreiar, og sjølvsagt kan skjæret svinge i alle retningar. Det seier sitt at til og med klistremerka er så nær autentiske du kan få dei i 1:32-storleik. Skjæret er bygd for modelltraktorar med skikkeleg trepunkt.

Frå før har Downscale 3D Underhaugs steinsvans i sortimentet.

Downscale 3D er drive av Harald Thingbø. Han driv bokstaveleg talt småskalaproduksjon av modellar, først og fremst etter kundens ønske. Med mange års erfaring og eigen 3D-skrivar kan han bygge opp nær sagt kva som helst av reiskapar. Han er kanskje mest kjent for eit komplett lausdriftsfjøs med DeLaval mjølkerobot og TKS fôringsanlegg. Fjøset har vore utstilt på Agroteknikk og Agrovisjon, og var omtalt i Bedre Gardsdrift nr. 1 2015

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS