Vil du vere med på å lage verdipapir? Det er heilt gratis, men kan betale seg godt.

Meld inn prisar til maskinleigeprislista!

Straks får du ein ny versjon av landets desidert grundigaste leigekøyringsprisliste i posten. Men først treng vi litt grunnlagsmateriale.

Publisert

Bedre Gardsdrifts prisliste over leigekøyring og maskinleige er unik i sitt slag. Alle tala baserer seg på innmelde prisar, og vi har eit solid kjeldegrunnlag. Men prislista blir ikkje betre enn kjeldene våre. Det er der du kjem inn: Driv du leigekøyring, eller berre leiger ut tilhengaren din til naboen nokre gongar kvart år: Vi vil vite kva pris du tar. Så puttar vi tala frå deg inn i eit gedigent rekneark, og før våren er komen over heile landet har du ei rykande fersk prisliste i neven. Der finn du både høgaste og lågast pris, og ikkje minst Bedre Gardsdrifts unike middelpris.

Men altså, vi må ha byggesteinar til denne prislista. Så difor spør vi deg, audmjukt og høgtideleg: Vil du bidra med prisane dine?

I så fall vel du eit av desse alternativa:

  1. Last ned Excel-arket som du finn ute til høgre. Fyll ut alt du har av aktuelle prisar der, lagre det og send det til oss. Forklaring på korleis du gjer det finn du når du opnar dokumentet. Dette er den klart mest effektive metoden for oss.
  2. Fyll ut skjemaet under og klikk på "send". Stort enklare kan det ikkje gjerast.
  3. Har du ei prisliste frå før, kan du enten laste den opp nederst på denne sida, eller sende den til jogeir@askmedia.no.
  4. Om du sende oss prisar i fjor og ikkje endrar desse for 2016, er det fint om du melder ifrå om det.

Same korleis du gjer det: Vi vert glade og takksame, og du veit med deg sjølv at du har bidratt til noko som er viktig for veldig mange norske bønder. Som takk for hjelpa trekkjer vi ut ein liten stabel Flaxlodd mellom dei som har bidratt.

Svarfrist: 20. februar! - men jo før jo heller...

Om du fyller ut skjemaet under er det fint om du hugsar desse detaljane (i excel-skjemaet er det mindre behov for slik pressisering):

  • Kor stort er utstyret (der det er relevant) - arbeidsbreidde, effekt osv
  • Gjeld prisen pr. time/dekar/ball eller anna?
  • Pressiser dersom prisen gjeld maskinleige (utan førar)

Bedre Gardsdrifts maskinleigeprisliste vart etablert i 2003, og er oppdatert og vidareutvikla kvart år etter det. Dei seinare åra har lista omfatta prisar på kring 500 arbeidsoperasjonar og reiskapar, alt frå pløying, rundballepressing og brøyting til klauvskjæring og åtekalking med snøscooter. Det finst ingen andre tilsvarande detaljerte prislister for landbruk og tilgrensande arbeid.

Prislista byggjer på innmeldte prisar frå fleire hundre kjelder over heile landet, og avspeglar prisnivået i marknaden.

I tillegg til at Bedre Gardsdrifts prisliste for maskinleige og leigekøyring er svært mykje brukt av bønder over heile landet, er den også bruk ved budsjettering i søknadsprosessar, ved forsikringsoppgjer og grunnoppgjer, i rettsprosessar og til undervisning og forsking.

Lista er heilt og fullt utarbeidd av Bedre Gardsdrift, og er berre tilgjengeleg i den trykte utgåva av bladet.

Relaterte dokumenter

Powered by Labrador CMS