Martin Aase i Aase Landbruk held fram som før, men treng tid til å vurdere situasjonen etter at Lena vart oppkjøpt av Danish Agro.

Aase Landbruk: Uventa

Aase Landbruk og Lena Maskin har hatt eit nært samarbeid i sine år som parallelle importørar av McCormick. Konsekvensane av at Danish Agro har kjøpt Lena er enno Aase-sjefen usikker på.

Publisert

Eg fekk vite om dette i går kveld. Det er dermed heilt nytt for oss, seier Martin Aase til Bedre Gardsdrift tysdag føremiddag.

- Det er overraskande, men vi kan ikkje anna enn å godta at slik er det, og ta det derifrå. Aase Landbruk sin strategi ligg fast. Når det er sagt vil vi bruke det vi treng av tid på å vurdere korleis vi skal gripe an situasjonen, konstaterer Martin Aase.

Danish Agros oppkjøp av Lena Maskin betyr at den eine av dei to norske importørane av McCormick blir borte. Lena Maskin har vore den dominante i dette parforholdet. Aase har ansvaret for Sørlandet og Vestlandet, mens Lena har tatt resten av kongeriket. Aase har ikkje liggande planer om å ta for seg større delar av landet, eller utvide frå sitt eksisterande nett på fire eigne forhandlarar.

Kva konsekvensar endringane i Lena Maskin får for reiskapsportefølja hos Aase Landbruk er også uvisst. Dei to har importert kvar sine reiskapar sjølvstendig, men utveksla reiskap seg imellom for å komplettere tilbodet til kundane. Martin Aase veit ikkje om dette samarbeidet held fram.

- Vi får bruke litt tid på å områ oss. Det er alt eg kan seie no.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS