Traktorer med arbeidslys og redskap klargjøres på gårdstun i mørket.
Skal du driver jordbearbeiding for andre, starter jobben lenge før redskapet settes i jorda.

Alt kostar - når skal du ta betalt?

Driv du leigekøyring, har du heilt sikkert ein pris per time, per balle eller per dekar. Dekkjer denne prisen alt, både før og etter?

Publisert

Jobben som leigekøyrar startar når du tar imot bestilling på arbeidet. Så må du klargjere utstyret, utføre service, bestille rundballeplast, organisere korncontainerane og litt av kvart slikt. 

Når dagen då jobben skal gjerast kjem, startar eigentleg jobben i det du går over tunet mot traktoren. Jobben er ikkje slutt før utstyret er vaska og parkert, vedlikehalde, reparert og smurd, og fakturaen er postlagt.

Noko av dette ligg inne i timeprisen. Noko må du ta betalt for på anna vis. Det finst entreprenørar som tar fakturagebyr, for å ta inn noko av administrasjonskostnaden. Eit anna alternativ er å bake alt inn i eit oppmøtegebyr. Eit slikt gebyr gjer det tydeleg for kunden at det ikkje er "berre å kome ein tur", det har faktisk ein kostnad. Særleg dei som driv stort som landbruksentreprenørar er svært bevisste på dette.

Powered by Labrador CMS