Ein jubeldag

Endeleg ligg det verste hinderet for moderne landbruksdrift, femkilometersregelen, for døden. Det som kjem i staden vil bli mykje betre.

Publisert

KOMMENTAR FRÅ BEDRE GARDSDRIFT

Trafikkreglar er av dei viktigaste rammevilkåra i moderne landbruksdrift. Gjennom mange år har Bedre Gardsdrift pressa på for å få rydda opp. Også Bondelaget og maskinbransjen, gjennom Traktor- og Landbruksmaskinimportørenes forening (TLIF) har forstått alvoret.

Sist haust såg ting ut til å gå feil veg, ved at den såkalla femkilometersregelen vart stadfesta i ei mykje omtalt brosjyre. Men utpå nyåret snudde det: Landbruksdepartementet og Samferdsledepartementet vart kontakta direkte, og den politiske leiinga i dei to departementa tok signala og bestemte seg for å ta tak i problema.

– Dette var meir omfattande enn eg trudde, og eg er glad for at de har tatt det opp, sa Navarsete til Bedre Gardsdrift i februar. Ho slo vidare fast at femkilometersgrensa ikkje ivaretar landbrukets behov, og endra mellombels avstanden du kan køyre med breitt utstyr til 34 km.

No har ei breitt samansett arbeidsgruppe gitt sine tilrådingar om regelverket for breitt landbruksutstyr. Rett nok med ein delt konklusjon, der fleirtalet foreslår ting som slett ikkje går rette vegen. Likevel er vi optimistar. Tilrådingane frå gruppa skal behandlast politisk før endeleg avgjerd. Sitjande samferdsleminister Liv Signe Navarsete og andre sentrale personar i Senterpartiet har signalisert til Bedre Gardsdrift at dei langt på veg har mest sansen for framlegga frå TLIF og Bondelaget, der det er usemje. Ikkje fordi dette er landbruket sine ynskje, men fordi desse framlegga vil gi det mest tenelege regelverket for samfunnet samla sett.

Rapporten skal no ut på høyring, før politisk behandling. Og om få dagar er det val.

"
Powered by Labrador CMS