0814-gardsdrift

Bygg monstermaster!

Fra Bedre gardsdrift 8/2014: «Ein tråd som heng høgt oppe, er mindre utsett for fallande graner enn ein tråd som heng i stutte stolpar av kappa furutre.»

Publisert

Du kan skrive inn kommentarer nederst.

Grana har skulda. Grana må bort! Konklusjonen frå avisredaktørar, folk flest og mange andre er klar kvar gong det har vore såpass vind at høge tre har ramla over ende og tatt straumen.

Hvor plogen ei kan gaa og ljaaen ei kan slaa, der bør et tre at staa. Sitatet er henta frå eit minnesmerke over Martin Luther Storm, skulestyraren som for eiga rekning dreiv Mo jordbruksskule i Førde vidare då det offentlege ville legge den ned på slutten av 1800-talet.

Mens Storm meinte at alt areal på garden burde nyttast til å skape verdiar, meiner mange av dei som ytrar seg i dag at arealet som grensar til ei kraftline skal vere verdilaust. Det seier dei, lukkeleg uvitande om at grunneigar ikkje har fått erstatning for bandlagt areal.

Eit døme på verdiskapinga: Ein elles uproduktiv teig, knappast brukbar til sauebeite, har på 50 år generert verdiar for ein halv million kroner. 20 000 kroner pr. dekar, viste taksten. Rett nok sit ikkje skogeigaren att med noko nemnande overskot når kostnaden til hogst er trekt ifrå, men trass alt, her er det skapt arbeid og nyttig virke av det som elles er verdilaust.

Skal vi gjere slik folk utanfor næringa seier, og hogge kraftgater så breie at dagens linjenett står uansett vêr – særleg i alle dei delane av landet der det er skrått, blir det ikkje mykje skog att, verken av gran, or eller bjørk: Nedst i dalbotnen eller langs fjorden går ein veg, kan hende også jernbane, som det skal vere rydda eit visst tal meter utifrå. Så kjem kraftlinja litt ovanfor, og mellom desse blir det ikkje rare stripa om dei lite skogkyndige får viljen sin.

To alternativ som knappast har vore nemnde, vil vere dyrare for kraftselskapa, men meir samfunnsøkonomisk lønsamt - vel å merke m samfunnet aksepterer at skogen har ein verdi: Dei lokale kraftlinjene kan gravast ned. Alle vegar burde hatt trekkerør til straum og telefon/fiber som standard. Då er kabelen trygg og tilgjengeleg, utan å vere til unødig hinder.

Alternativet er å henge straumtrådane høgare opp i litt kraftigare master. Ein tråd som heng høgt oppe, er mindre utsett for fallande graner enn ein tråd som heng i stutte stolpar av kappa furutre. Heng tråden høgt nok, er det vanskeleg å forstå at det må ryddast kraftgater under. Monstermaster i skogen, ja takk!

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS