BG-labyrinten-13

Svar på BG-labyrinten laurdag

Monster, landbruk utan dyr eller åker, og ein fabrikk. Vi skal til Norheimsund!

Publisert

Oppgåve BG-labyrinten laurdag

Vi skal til eit område som i det siste er blitt kjent for kamp for og mot to typar konstruksjonar som held trådar. Eine er i par på 200 meter, mens den andre mest typisk er 25 til 30 meter og blir ofte kalla monster.I distriktet er ein stor og kjent landbruksproduksjon, men denne er verken knytt til husdyrhald eller åkerbruk. Omlag 75 kilometer unna ligg landets nest største i sitt slag. Der hadde ein agronom utsal i noko Unesco seinare har verna.På ferda er vi innom ein fabrikk som har eit familienamn, men brukar eit topografisk namn som varemerke. Dei produserer ikkje lenger kjetting for tohjulingar.Målet for reisa er tettstaden som har namnet denne fabrikken brukar som postadresse. Kor skal vi reise?

Svar på BG-labyrinten laurdag

Lid jarnindustri har varemerket Dalen og postadresse Norheimsund.

Vi er tilbake i fedrelandet, attpå alt Vestlandet, og målet heiter Norheimsund. Dei to konstruksjonane som held trådar er å finne på Hardangerbrua, og på kraftlina Sima-Samnanger, der sistnemnde har fått mykje merksemd under tilnamnet montermaster.Distriktet er Hardanger, og her er det fruktproduksjonen som er særleg kjent, kanskje aller helst eple. 75 kilometer frå Norheimsund ligg landets nest største by, nemleg Bergen. På Unesco-verna Bryggen i Bergen heldt i mange år Agr. Knut Skurtveit L/L hus, med utsal av Aebi tohjulstraktorar, transportarar og anna utstyr for bratte bakkar. Modellen Aebi AM 53 er nærast å rekne som Vestlandets gråtass. Fabrikken: Vi har vore innom familieeigde Lid jarnindustri, som profilerer seg under namnet Dalen, eit namn som enkelt og greitt kjem av at fabrikken ligg oppi dalen. Første produktet herifrå var sykkelkjettingar.

Velkomen til Norheimsund! Du er ikkje åleine. Turistar i tusental kjem til Hardanger. Finn du ikkje ledig hotellrom, kan du like gjerne gi gass vidare med ein gong – klikk her!

"
Powered by Labrador CMS