Viktig verneutstyr i skogen

Framleis er skogsarbeid noko av det farlegaste du kan gi deg ut på, men det er mykje å vinne på rett bruk av rett verneutstyr.

Publisert

Ein klassikar frå arkivet, som stadig er aktuell.

Frå Bedre Gardsdrift 9 - 1999. Publisert på gardsdrift.no i 1999.

Ver klar over at opplysningar, referansar til firma o.l. kan vere annleis no enn då artikkelen vart skriven.

Ved arbeid i skogen kan du i verste fall pådra deg to typar skader: Belastningsskader eller alvorlege, akutte skader. Verneutstyret hjelper mot begge, men gir ikkje fullstendig vern. Då ville det vore ubrukbart å arbeide i. Like viktig som verneutstyr er at du har rett arbeidsteknikk. Det viser seg at skogsarbeidarar med god erfaring har vesentleg lågare ulukkesfrekvens enn dei som sjeldan driv i skogen. Dessutan vil rett arbeidsteknikk gi mindre belastningsskader. Godt vedlikehald av både maskiner og personleg verneutstyr er ein føresetnad for sikkert arbeid. Godkjenning Når du kjøper veneutstyr, skal du passe på at det er godkjent. No skal alt verneutstyr vere CE-merka, og det skal følgje med ei samsvarserklæring. Du kan likevel bruke verneutstyr som er produsert før CE-merkinga var innført dersom det er i orden. Også gammalt verneutstyr skal vere merka. Det mest brukte av dei gamle godkjenningsmerka er Svensk Maskinprovnings tre kronor. Trass i nye krav til merkinga, treng ikkje nytt utstyr vere betre enn det gamle, så lenge dette er i orden. Det er Harald E. Meisingset ved Skogbrukets kursintitutt på Biri som fortel oss dette. Saman med han og ein av instruktørane i Oppland, Ingvild K. Aaserud, har vi sett nærare på det personlege verneutstyret. Hjelmen I hjelmen din er produksjonsdatoen stempla inn. Den treng ikkje bety noko, men ein annan dato er vesentleg. Det er den dagen hjelmen vart tatt ut av embalasjen. Ein hjelm skal kasserast fem år etter denne dagen. Det er nemleg slik at plasten i hjelmen blir øydelagt av lys. Den blir gradvis svakare. Harald og Ingrid frårår kjøp av hjelmar som har ligge framme i butikken, og dei ber deg ta vare på kvitteringa eller annan dokumentasjon på når du kjøpte hjelmen. Det kan vere greitt å ha dersom forsikringsselskapet spør. Dersom hjelmen blir utsett for ei påkjenning som gir fare for sprekk, skal den kasserast. Ein liten sprekk eller ei usynleg svekking av skalet er nok til å gi eit dårleg vern. Avstanden mellom innerhjelmen og skalet må vere minst 2,5 cm. Du skal ikkje oppbevare matpakke, enkeltmannspakke eller anna inni skalet. Det er ikkje lurt å ha klistremerke på hjelmen. Desse kan innehalde løysemiddel som er skadelege for plastikken, og det er ikkje lov å bore i hjelmen. Sjølve hjelmen har ikkje noko vedlikehaldsbehov, for enten er den i orden eller så er den det ikkje. Ver klar over at også innerhjelmen må vere i orden for at hjelmen skal vere godkjent. Det kan vere godt for deg sjølv om du byter svettereima framme når den er skitten. Ein kvit hjelm gjer det lettare å halde hovudet kaldt om sommaren, og den er lettare å sjå. Visiret Visiret skal dekke det meste av ansiktet. Ein god grunn til å skifte visir er ikkje alderen på visiret, men alderen på deg sjølv. Ein 60-åring treng mellom tre og ti gongar så mykje lys som ein 20-åring. Dei mest vanlege visira stengjer ute nesten halvparten av lyset. No kan du få ein type som stengjer ute berre 12 prosent. Ingvild poengterer at det er ein fordel med skygge på visiret. Dermed unngår du refleksar i nettingen. Hørselsvernet Hørselsvernet skal du alltid bruke ved støy over 85 dB. Nokre få minutt slurv gir dramatisk effekt. Det finst fleire typar på marknaden. Felles for alle vern er at tetteringen må vere heil, tørr og mjuk. Kjem det fukt inn i tetteringen, kan den fryse til is. Då blir hørselsvernet både mindre komfortabelt og mindre effektivt. Skumgummien inni klokka kan du gjere rein. Både tettering og skumgummi kan du få kjøpt i såkalla hygienesett, som bør bytast med jamne mellomrom. Både Harald og Ingvild kan tilrå hørselsvern med radio, så sant det er snakk om originalløysingar. Desse har nemleg volumavgrensing, slik at radiolyden ikkje skal skade hørsla. Ingvild har prøvd hørselsvern med lyttemikrofon og radio under skogsarbeid, og er svært godt nøgd med det. Då kan ho nemleg høre svake lydar utan å ta av seg hørselsverna når motorsaga går på tomgang. Kjem lyden opp på eit skadeleg nivå, blir mikrofonane kopla ut. Fleire hørselsvern har tilkopling for mobiltelefon eller sikringsradio, og det er ein klar fordel. Jakka Det er ikkje sett krav til kva du skal ha på deg på overkroppen i skogen. Men alle tilrår at du brukar ei signalfarga jakke. Oransje er den beste fargen. Det er fordi ti prosent av alle menn er raud-grøn fargeblinde. Berre 0,5 prosent av kvinnene har denne plaga. Viktigaste argumentet for signalfarga jakke er at den gjer deg lettare å sjå for arbeidskameratar, og dersom du skulle skulle bli liggjande skadd. Ingvild likar best jakker med signalfarge på armane. Det er fordi det er lettare å sjå kva teikn du gir dersom du skal dirigere vinsj eller kran. Du kan også kjøpe jakker med verneinnlegg over skuldrer, bryst og armar. Hanskane Heller ikkje hanskar er påbode ved bruk av motorsag. Men det er absolutt å tilrå, ikkje minst for å verne hendene mot rift og småskader. Du kan bruke kva som helst slags hanskar. Likevel tilrår Ingvild og Harald skinnhanskar med mansjett i staden for trakteform rundt handleddet. Sistnemnde type, altså dei fleste typar arbeidshanskar, har lett for å samle sagflis. Trass i at det ikkje er noko krav, er det fleire typar i handelen med verneinnlegg. Det kan vere greitt å legge i nokre kroner ekstra i skogshanskane, for dei fleste er varige og gode å bruke. For komforten er det viktig at dei er mjuke, og dei skal helst ha gassfinger. Ved bruk av vinsj og handtering av vaier seier Igland at du skal bruke hanskar. Buksa Du skal alltid bruke vernebukse ved bruk av motorsag. Du kan velje selebukse eller midjebukse. Funksjonen er den same. Mange likar midjebuksa best, for til den kan du bruke meir fleksible bukseselar, og du slepp å ha ein tett lapp over brystet. Når det er kaldt kan du bruke eit formsydd stykke av boblestoff som du festar inn i baken på buksa. Vernebukser finst i tre klassar, og i tre ulike design. Dei tre klassane viser til kjedehastigheita, høvesvis 20, 24 og 28 m/s. Klasse 1 er vanleg, trass i at dei fleste motorsagene i dag har den største farten på kjedet. Dei tre designa A, B og C viser til kor stor del av baksida av foten vernet dekkjer. C dekkjer best, mens A er mest vanleg. Buksa skal vaskast når ho er skitten, og minst ein gong i veka ved dagleg bruk. Ei skitten bukse har dårleg effekt, fordi skiten bind saman laga med verneinnlegg. Verneinnlegget er nemleg sett saman av fleire lag med glatte, fine tekstilfiber. Dei mange laga skal kunne skli på kvarandre. Får du hol i ytterstoffet, gjer ikkje det noko. Du må berre passe på å bøte det straks. Sy aldri i eller gjennom verneinnlegget. Dei to eksperane på Biri tilrår tanntråd til bøtinga. - Det er den einaste tråden som held, forklarer dei. Om du derimot lagar rift i verneinnlegget, skal buksa leggast i den store dunken som søppelbilen hentar. Buksa kan du bruke så lenge ho er heil og blir vaska rett. Både buksa og dei andre kleda er meir slitesterke når dei er reine. Ved vask av buksa brukar du normal dosering av vanleg vaskemiddel. Maskina stiller du på kulørtvask 40°, eller 60° dersom ho toler det og er full av kvae. Buksa toler tøymjuknar, men ikkje meir enn 10-15 sekund sentrifugering. Eldre bukser toler ikkje maskinvask. Sjekk difor vaskelappen på di eiga bukse. Fottøy Reglane seier at du skal bruke sko eller støvlar med ståltå og verneinnlegg oppover ankelen. Støvlane er inndelte i dei same klassane som vernebuksa. Støvlar med øydelagt sagvern eller morken gummi skal ikkje brukast meir i skogen. Du må unngå å bruke fottøy for skogsbruk i fjøsen. Det agressive fjøsmiljøet tærer på gummien, og gjer den hard og porøs. Gummistøvlar treng ikkje anna stell enn at du held dei reine. Lærstøvlar må du pusse med jamne mellomrom. Ingvild likar dei av lær best. - Dei pustar litt, sit betre på foten og eg kan lettare veksle mellom tynne og tjukke sokkar. Er du mykje i skogen, kan det vere greitt å ha begge typane. Enkeltmannspakke Hugs for all del alltid å ha med deg enkeltmannspakke. Dersom du først skader deg med motorsaga, er det fare for at du gjer det skikkeleg. Det betyr kraftige blødningar som må stoppast fort. Difor skal du alltid ha minst ein enkeltmannspakke på deg. Vanlegvis har du denne i jakka. Har du hoggarbelte, legg du ein i taska bak der også. Tar du av deg jakka, bør du ha ein i buksa. Det er lurt å ha enkeltmannspakken på ein plass der andre kan finne han. Det finst nok av døme på at det har gått med både fire og fem slike før det tok til å hjelpe. Du skal dessutan ha eit førstehjelpsskrin tilgjengeleg der hogsten pågår, enten i kvilebua eller traktoren. Innhaldet skal vere i orden, og du må erstatte det du tar ut. Sikringsradio Det er ikkje krav om at du skal ha med deg sikringsradio, men det er gunstig, særleg om du arbeider åleine. Det fine med sikringsradioen er den raude knappen, som er mykje lettare å nå enn dei små tastane på ein mobiltelefon. Men for all del, mobilen er betre enn ingenting. - Hos ein av dei eg arbeider for, har vi avtale om at eg blir oppringt til faste tider, fortel Ingvild. InnerstFor å verne kroppen mot kulde, er ull det beste. Fleire av dei nye typane ullundertøy er gode. Superundertøy kan også brukast. Unngå bomull, det held på sveitten. Og tennissokkar passar enda dårlegare til vernestøvlar enn til finsko.

Powered by Labrador CMS