Vi er godt i gang

Deere held fram i jamt tempo, og feltet bakover joggar vidare som i fjor. Unntaket er McCormick, som har auka farten. Engelskmannen er nesten like stor som CaseIH i januar.

Publisert

Til no i år har 14 merke registrert nye traktorar her i landet. Totalt er det registrert 352 nye traktorar i årets første månad. Det er 19 færre enn i fjor, men vi skal ikkje dvele for lenge ved desse tala. Ein månad er for lite til å bygge fyldige og vituge analyser på.

Det vi ser er at John Deere held teten, trass i at dei ikkje har same knallstarten som i fjor. New Holland rullar stabilt vidare, og Valtra er oppe på tredjeplass. MF tar eit kvileskjær etter førsteplassen i desember. CaseIH ligg litt bak skjema, men er framleis på sin typiske femteplass.

Like bak finn vi ei lita bombe: McCormick har berre registrert tre færre traktorar enn erkefienden CaseIH. McCormick-registreringane for januar utgjer ein sjudel av alt merket fekk registrert i heile 2005, så det er grunn til å tru at både Aase Landbruk og Lena Maskin er prega av breie glis og stor spenning med tanke på korleis resten av året vil bli.

Hugs at dette er registrertingstal, noko som betyr at mange av traktorane her er selde i fjor, men levert først no.

Er du interessert i fleire detaljar kring traktorsalet, finn du den grundigaste analysa og breiaste presentasjonen av registreringane frå 2005 i Bedre Gardsdrift nr 1 2006. Du kan laste ned bladet her.

"
Powered by Labrador CMS