Trygg talje

Altfor mange av taljeanlegga i landbruket manglar sertifisering og godkjenning, trass i at dette er påbode. – Det er bonden sjølv som taper på dette, seier Tønnes Helge Kverneland ved TKS.

Publisert

(Frå Bedre Gardsdrift nr. 1/1999)

Mange spør seg om stadig nye påbod og reglar trengst, og ser på det som ei ny ekstrautgift. Problemet er berre at den dagen taljen fell ned, sit bonden i saksa. Bonden er sjølv ansvarleg for at utstyret på garden er i forskriftsmessig stand. Forsikringsselskapa kan kome med regresskrav når alt ikkje er i orden. Å omgå påbodet om godkjenning, kan vere å spare seg fattig, meiner Kverneland.

Reglane

I korte trekk er reglane slik: Nytt utstyr skal vere sertifisert og kontrollert når det er ferdig montert. Ein tilsvarande kontroll med ny sertifisering skal utførast kvart fjerde år. Åra i mellom skal taljeanlegget kontrollerast. Forresten er det eit nytt regelverk på trappene, slik at praksisen kan bli endra.

Produsenten har ein omfattande kontroll på utstyret før det blir sendt ut for sal, og legg ved ei samsvarserklæring. Denne er ikkje eit sertifiseringsbevis, fordi taljeanlegget må sertifiserast i bygningen der det er montert.

Alle nymonterte taljar skal funksjonsprøvast. Dei skal køyrast over heile skinnebana med 25 prosent overlast, og nedbøyinga skal målast.Når taljen er sertifisert, får den ei plombering. Denne må ikkje fjernast.

Årleg inspeksjon

Også den årlege inspeksjonen skal utførast av ein sakkunnig person. Denne skal kontrollere tiltrekkingsmomentet på viktige skruar, slitasje og deformasjon på alle oppheng, koplingar og sveisar. Det skal skiftast olje på giret, og kjede og kjetting skal smørjast. Til denne inspeksjonen blir fabrikantens kontrollskjema brukt.

Spesielt for taljene i landbruket er at dei blir utsette for mykje skeivtrekk. Det krev ekstra grundig ettersyn av opphengsboltene. Utanfor landbruket blir ikkje taljeanlegg godkjende for skeivtrekk.

Ver førebudd

Sjølv om du ikkje har lov til å fylle ut kontrollskjemaet, kan du førebu deg, og gjere jobben for kontrolløren enklare. Regelverket for løfteinnretningar og løftereiskap har nummer 291, og det kan du få frå Arbeidstilsynet. Leverandørane av talje og løftereiskap kan skaffe deg sine kontrollskjema.

Gir større yting

Løftekrafta til ein talje blir gradvis mindre på grunn av slitasje, særleg ved lausriving av silofôr. Regelmessig ettersyn og oppjustering vil gi taljen den løftekrafta den skal ha.

Overhaling

Om taljen er gammal og sliten, treng du ikkje kjøpe ny. TKS tar inn taljar til overhaling, og sender ein nyoverhalt av same modell i bytte.

Relaterte artiklar

Kontrollpunkta: Kva må du som eigar av eit taljeanlegg tenke på, og korleis bør du inspisere anlegget?

"
Powered by Labrador CMS