TKS kjøper av Kverneland

TKS kjøper Kvernelans fabrikkanlegg på Nærbø. Der skal TKS drive leigeproduksjon og underleveransar, mellom anna til Kverneland.

Publisert

Handelen fann stad ved årsskiftet, og inkluderer tomt, bygningar og utstyr. I tillegg vil fleire av dei tilsette bli med over til TKS. I anlegget er det mykje moderne utstyr, som laserskjærarar, stanseautomat, knekkeutstyr, lakkeringsavdeling og mykje meir. Det er i dette anlegget Kverneland har produsert sine rundballepakkarar, potetutstyr og i det siste pressepakkaren Taarup Bio.

- På Nærbø vil vi etablere eit eige driftsselskap, for å stå for leigeproduksjon og underleveransar. Produksjonen av TKS-produkt vil halde fram i lokala vi har på Kvernaland som før, seier TKS-sjef Tønnes Helge Kverneland.

TKS har avtale med Kverneland om å halde fram produksjonen av enkelte produkt som ikkje skal flyttast til Tyskland. I tillegg kan det vere aktuelt å produsere potetutstyr som Kverneland tidlegare hadde i si portefølje, men som no ligg under det hollandske selskapet Dunor, og å vere underleverandør til plogfabrikken på Klepp.

TKS får høve til å nytte Kvernelands salsnett og marknadsapparat på eksportmarknaden.

Oppkjøpet er nok eit døme på at TKS satsar offensivt på utstyr for landbruket. Dei seinare åra har selskapet overtatt Royal, som leverer fylltømarar og anna utstyr for grovfôrhandtering. Gjennom ein avtale med Orkel, overtok TKS utstyret for grovfôrhandtering frå trøndelagsfirmaet. Strategien for varemerket TKS er å levere utstyr for innandørs grovfôrhandtering.

Powered by Labrador CMS