Ny M-serie frå Valtra

Med firesylindra motorar frå 115 til heile 147 hk, hydraulikk som på T-serien og automatisert transmisjon, vil Valtra grave til seg enda meir av den norske marknaden.

Publisert

Med dette har Valtra den største firesylindra traktoren på marknaden.

- Styrke og smidigheit er stikkord for utviklinga av traktoren, oppgir Valtra som grunn for å bruke berre fire sylindrar i ein effektklasse der vi for få år sidan fann berre seksarar.

Som vanleg er ein av modellane utstyrt med lågturtalsmotor, og alle motorane er frå Sisu. Turbinkopling er tilgjengeleg, og traktorane er konstruert med tanke på bruk av frontlastar.

Hytta kjenner vi frå T-serien. Det betyr at den er laga for å brukast både framover og bakover. Også det programmerbare hydraulikksystemet er som på storebror T.

Du kan lese langt meir om M-serien i Bedre Gardsdrift nr. 6/2003, som du kan laste ned her.

Sjå også vår omtale på nettsidene av T-serien frå i fjor: Valtranytt (grundigare artikkel finn du i Bedre Gardsdrift nr. 8/2002)

"
Powered by Labrador CMS