Ny førarkortforskrift på høyring

Vegdirektoratet har lagt ut framlegg til ny førarkortforskrift på høyring. Les utkastet her, og send inn dine kommentarar!

Publisert

Utkastet til ny førarkortforskrift og ny opplæring for traktorførarkortet er grundig omtalt i Bedre Gardsdrift nr 5 2004.

Mellom anna vil opplæringa bli langt meir omfattande enn i dag, og det blir stilt strengare krav til køyreskuletraktoren.

For alle som tar førarkort heretter, er berre førarkort klasse T og BE (personbil med hengar) godkjent om du vil køyre traktor. Samstundes vil ikkje lenger traktorførarkortet gjelde for moped.

Alle som i dag har lov å køyre traktor, kan køyre som før.

Detaljane frå det nye framlegget til førarkortforskrift og opplæring kan du altså lese i Bedre Gardsdrift nr. 5/2004.Du kan laste ned bladet her.

Vil du lese teksten frå Vegdirektoratet i komplett utgåve, kan du laste ned dokumenta her (PDF-filer - krev at du har Acrobat Reader)

" - Ny trafikkopplæringsforskrift" - Ny læreplan klasse T" - Høringsnotat klasse T- Førerkortforskrift - notat om endringer

"Du kan også gå til Vegdirektoratets nettside www.vegvesen.no, eller gå direkte til sida som gjeld denne høyringa, som du finn her:- Direkte til høyringssida

Høyringsfristen er 11. august 2004.

Har du kommentarar eller innspel til dette, er du sjølvsagt velkomen til å ta kontakt med Bedre Gardsdrifts redaksjon.

Journalist Jogeir M. Agjeld har arbeidd med emnet i fleire år, og kan treffast på epost jogeir@vanebo.no eller telefon 57 87 37 07 (0900-1530)

"
Powered by Labrador CMS