Jærske trafikkreglar stoppar slåtten

Vi trudde det var lov å køyre med ganske vanleg landbruksreiskap langs vegen, men slik er det ikkje i Rogaland. Der blir trafikkreglane handheva ekstra strengt.

Publisert

Trafikkreglane seier at det er lov å køyre med landbruksmaskin over kortare vegstrekning som ledd i vanleg bruk så sant breidda er under 3,5 meter. Spørsmålet er då kva som er "kortare vegstrekning" og kva som er "vanleg bruk".Stian Sørensen og Aleksander Kvam er av dei som er blitt stoppa i sommar, fordi vegvesenet i Rogaland meiner dei bryt trafikkreglane når dei køyrer mellom oppdrag med vanleg landbruksreiskap. Her er det snakk om breidder på 2,8 meter. Semitrailer OK men ikkje traktor

Ein semitrailer kan køyre med tre meter brei svanehalstilhengar dersom formålet med denne er å frakte breitt gods. Dette kan skje utan særskilt dispensasjon, om visse retningslinjer blir følgt.Reiskapen Sørensen og Kvam vart stoppa med, er lov å køyre langs vegen om den står på ein lastebiltilhengar i same breidde, men ikkje lov å trekke med traktor. Ikkje lett å forstå, altså.Du kan lese meir i Stavanger Aftenblads nettutgåve om du klikkar her.

"
Powered by Labrador CMS