Førarkortforskrifta blir utsett

Dei mykje omtalte førarkortreglane blir neppe innført før årsskiftet. Truleg vil også Vegdirektoratet endre litt på grensene dei har føreslått for traktorførarkortet.

Publisert

I utgangspunktet skulle dei nye førarkortforskriftene gjelde frå første juli. Det vil ikkje skje. Det skuldast mellom anna spørsmåla kring kven som har lov til å køyre traktor i framtida.

Som Bedre Gardsdrift avslørte for eit par nummer sidan, har Vegdirektoratet foreslått at alle som tar traktorførarkort etter dei nye forskriftene, berre kan køyre traktor med eventuell reiskap med samla tillatt totalvekt under 12 tonn. Det spelar ingen rolle kva traktorvogntoget eigentleg veg, eller om du køyrer utanfor vegen. Har traktoren og reiskapen lov til å vege meir enn 12 tonn til saman, vert det i praksis kravd førarkort for vogntog. Det same gjeld til dømes skurtreskar, og det er ikkje forklart korleis vi skal finne tillatt totalvekt på slepeharver eller gjødselvogner.

Dermed må mange av dei som vil drive landbruk i framtida, vente til dei har fylt 18 år og lagt ut nokre titals tusenlappar på eit ekstra førarkort, før dei får køyre nyare landbrukstraktorar. Forslaget favoriserer eldre, lettare traktorar med 30 km/h som toppfart.

Utsett høyringsfrist

Fordi ingen i landbruket stod på høyringslista, har Bondelaget og fleire andre fått utsett høyringsfristen. Den var i utgangspunktet første april. Vegdirektoratet innrømmer at dei gjorde ein solid bommert når dei ikkje tok med landbruket på lista.

Frå fleire plassar i landet høyrer vi at lokale bondelag, maskinringar og andre har arbeidd med saka. Traktorimportørane har mobilisert. I løpet av april var det eit møte mellom representantar frå Bondelaget, maskinbransjen, Norges Landbrukshøgskole, Høgskolen i Hedmark, avd. Blæstad, og Vegdirektoratet.BG følgjer saka

Saksbehandlaren i Vegdirektoratet fortel om stor respons frå landbruket. Han innser at 12-tonnsgrensa kan vere feil. Med andre ord kan vi håpe på ei forskrift som er noko meir fornuftig enn forslaget.

Bedre Gardsdrift vil følgje den vidare saksbehandlinga, og halde deg oppdatert via bladet og nettsidene våre.

Traktordefinisjonen utsett

Forslaget om å endre definisjonen på traktor, er utsett på ubestemt tid. Dette ville i praksis ført til eit forbod mot nye traktorar med høgare toppfart enn 40 km/h (sjå BG 5, 8 og 9/01).

- Vi er enno ikkje ferdige med å behandle denne saka. Vi ser at det er fleire moment vi må ta omsyn til, så vi treng meir tid, fortel underdirektør Agnar Dahl.Med andre ord vil den norske definisjonen gjelde enda ei tid. Denne har inga øvre grense for kor fort traktoren kan køyre.

Powered by Labrador CMS