Annleis i juli

MF på første, New Holland på andre, John Deere på tredje og McCormick på fjerde. Sånn er registreringsstatistikken for juli.

Publisert

Med andre ord ganske annleis enn vi er blitt vant med, når registreringane frå sommarferiemånaden er talt opp.

Som vanleg er det registrert ganske få traktorar i juli, og vi skal ikkje tolke tala her for grundig. Difor er tabellen vår også no sortert etter totalregistreringane til no i år. På den lista er John Deere suverent på toppen, med nesten like mange traktorar som MF og Valtra til saman. Kvar femte registrerte traktor er ein New Holland, noko som kvalifiserer til andreplass.

Den siste månaden har det vore mykje spekulasjonar kring LMB sine traktormerke, og framtida for Case IH og Valtra i Noreg. Difor er det påfallande at begge merke har fått registrert så lite som 14 traktorar kvar i juli, noko som gir berre 6,5 prosent av marknaden. I og med at det ofte tar ei viss tid frå traktoren vert kjøpt til den er levert og registrert, vil vi ikkje dra for store konklusjonar av desse to 6,5-prosentane, men vi kallar det gjerne eit artig samantreff.

Om vi ser litt meir på julitala, legg vi merke til at MF har så godt som kvar fjerde traktor, og er med det størst i juli. Andreplassen er som vanleg blå, mens Deere har hoppa ned på tredje. Dei dårlege tala for Valtra og Case IH ryddar plass for McCormick heilt oppe på fjerdeplass i juli.

Totalt ligg enno registreringane for 2005 høgare enn på same tid i 2004, men både juni og juli har vore dårlegare enn same månad i fjor.

Powered by Labrador CMS