Datatronic 5.
Datatronic 5.
Terminalen kan bruke til å styre alle operasjonane på tilkopla reiskap, som her: Isobus-styrt butterfly slåmaskin.
Terminalen kan bruke til å styre alle operasjonane på tilkopla reiskap, som her: Isobus-styrt butterfly slåmaskin.
Avansert innstilling av trepunkten blir brått meir forståeleg og tilgjengeleg.
Avansert innstilling av trepunkten blir brått meir forståeleg og tilgjengeleg.
Her kan du tilpasse alle dei programmerbare knappane og funksjonane på køyrespak og joystick.
Her kan du tilpasse alle dei programmerbare knappane og funksjonane på køyrespak og joystick.
I dette skjermbildet justerer du mange av transmisjonsinnstillingane.
I dette skjermbildet justerer du mange av transmisjonsinnstillingane.

Massey Ferguson 8700 får ny skjerm

Massey Ferguson toppar laget med ein 8700-traktor på godt 400 hk. Viktigare er det at MF endeleg har ein ny terminal tilgjengeleg.

Publisert

Den nye terminalen vart først vist på ei landbruksutstilling i USA nyleg. No er den også slept i Europa, og det skjedde på heimebane, på Sima-utstillinga i Paris. 

Det vil overraske oss om terminalen ikkje blir å sjå også på 7700 og 6700S-seriane. Eikmaskin har i alle fall alereie gitt klar melding til Massey Ferguson om at den nye terminalen er ønska av norske kundar.

Etterlengta oppgradering

Etter å ha slite lenge med den gamle Datatronic-terminalen i B-stolpen, med liten skjerm og eit brukargrensesnitt som du må vere utprega entusiast for å forstå noko av, tar Massey Ferguson steget fullt ut med ein trykkskjerm i framkant av armlenet, døypt Datatronic 5.

Terminalen har fire lett forståelege tastar oppe til høgre, eit dreiehjul, og her er trykkskjerm. Denne er langt frå av dei største på marknaden med sine ni tommar. Det er både positivt og negativt. Her er plass til alt vesentleg, og du slepp du at skjermen tar unødig mykje sikt.

Har stort potensiale

I den store testen av trinnlause traktorar som for tida rullar og går i Bedre Gardsdrift, konstaterer vi at funksjonane som terminalen kan styre er rimeleg gode, men dagens terminal er alt for lite brukarvenleg. Dersom MF har tatt med seg alt det gode som låg inne i den gamle terminalen og gjort dette tilgjengeleg, snakkar vi om eit godt produkt her.

Vi har ikkje fått mykje informasjon om den nye terminalen enno, ut over at vi ser at den kan arbeide med delt skjermbilde. Du kan betjene funksjonar knytt til motor, drivverk, vendeteigsautomatikk, hydraulikk, isobus, autostyring og det meste elles, og du kan vise bilete frå kamera her.

Powered by Labrador CMS