Den nye betjeninga på S4-serien, som vi truleg kan vente oss nedover i effektklassane med tida, var av det Valtra la stor vekt på under presentasjonen på Sima.

Frå Valtras pressekonferanse på Sima

Bedre Gardsdrift følgde Valtras pressekonferanse på Sima, der nye A4 og endringane på S4 vart presenterte. Her er vår rapport.

Publisert

Dei to store nyheitene frå Valtra under årets Sima er den heilt nye A4-serien og ny toppmodell pluss nytt armlene i S-serien.

Desse kan du lese om i eigne artiklar her på gardsdrift.no, sjå under. Fleire detaljar kjem som tekst her:

Slutt for liten N

Dei minste modellane i N-serien går ut i løpet av 2017, og vert erstatta av dei største modellane i A4-serien. Grunnen til dette er skjerpa utsleppskrav.

Klar for skogen

A4-serien vil kome med skogspakke, altså vendbar førarplass og dieseltank i stål. Den kan også leverast med stålbøyre rundt hyttetaket, for deg som berre vil ha ein enkel kvistavleiar.

Justerbart vendegir

Det kløtsjfrie vendegiret, med integrert parkbrems, har ein liten skruknott der du kan justere agressiviteten i vendinga.

S-serien: Ny toppmodell

Den nye toppmodellen har maksimalt 405 hk og 1600 Nm. Programmeringa av ekstraeffekten er endra, slik at du har utbytte av den i fleire situasjonar. Den gir 30 fleire hestar enn førre toppmodell ved stasjonært arbeid. Motoren har hydraulisk ventilløft, som gir færre vedlikehaldstimar og betre drift av motoren til ei kvar tid.

Valtra S har tokrins pneumatiske bremser, saman med pneumatiske bremser for slept utstyr. Dermed vil traktor og slept utstyr bremse proporsjonalt.

Traktoren kan leverast med to ulike arbeidslyspakkar, ein med standard halogenlamper og ein med 16 Led-lykter.

Passasjersetet er også nytt, og skal gi betre komfort.

Ny betjening

Armlenet på S-serien er unikt for Valtra. Det same med køyrespaken. Skjermen er den same som hos MF 8700, men programvare og brukargrensesnitt er heilt ulikt. Til dømes kan du ha oppe to skjermbilete om gongen på MF, men fire på Valtra. MF har grå bakgrunnsfarte, mens Valtra har svart. Ein av våre journalistar på Sima melder om at Valtra-skjermen er enklare å forstå, men har meir gjenskin på grunn av den svarte fargen.

All betjeninga som før var i B-stolpen og ute på høgresida er no lagt inn i armlenet og terminalen. Terminalen er tilpassa plug-and-play for isobus-utstyr, TopCon og Trimble sine GPS-system.

Valtra sjølve meiner at betjeninga i armlenet skal vere den enklaste på marknaden. Her skal du både kunne betjene traktor og reiskap.

Den terminalen har berre to nivå med menyar, for at du skal sleppe å rote deg bort. Du kan veldig enkelt til dømes justere høgaste og lågaste turtal, og stille in dei to programmerte turtala. Du har enkel tilgang til slikt som notisblokk og kalkulator. Har du delt skjermen i fire ruter, kan du i kvar rute lett endre kva du vil vise, berre med å sveipe fingeren sidelengs. For at du ikkje skal vere i tvil om kva du held på med på skjermen, er det brukt bilete av traktoren med symbol for funksjonen der funksjonen høyrer heime, og store, tydelege tal og skalaer.

Dei to knottane for hydraulikkventilar på køyrespaken er proporsjonale, så dei kan både brukast som ein god gammaldags hydraulikkspak med pluss og minus og flyt, og til å aktivere programmerte hydrauliske funksjonar. Køyrespaken er låg og laga for at handa skal kunne ligge, då Valtra meiner det gir betre ergonomi enn ein meir loddrett spak.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS