'-

Fjøsbyggar konkurs

Nordfjord Bygg, som samarbeider med Felleskjøpet Agri, er konkurs. 34 fjøs over heile landet er direkte råka av konkursen. Bustyrar håpar på mogeleg løysing i slutten av veka.

Publisert

Illustrasjonsfoto. Driftsbygning levert av Nordfjord Bygg, foto frå selskapets nettside. Dette fjøset er ferdigstilt og har ingenting med konkursen å gjere.

Bustyrar Klaus Iversen seier til Bedre Gardsdrift at drifta neppe blir vidareført som den har vore, men at ei ny gruppe kompetente interessentar er i ferd med å arbeide fram ei mogeleg løysing. I denne gruppa finst delar av mannskapet frå det no konkursråka selskapet.

Løysing til helga?

– Dette er ein stor konkurs. Eg har hatt fleire møte både med bankar, med dei som arbeidde i Nordfjord bygg og med dei nye interessentane. Håpet er å finne ei løysing mot slutten av veka, eller kan hende til måndag, seier Iversen.

Bygga toler pause

Etter det Iversen er informert om, er ingen av bygga i ein slik fase av arbeidet at bygningen i seg sjølv tar skade av avbrotet. Bygningane er avstiva så dei toler normalt vêr, og der det er eit poeng har dei tette tak. Då konkursen vart kjent, vart det gjort sikringsarbeid der det var naudsynt. – Går det som vi håpar, vert avbrotet på grunn av konkursen avgrensa til to til tre veker. Vonleg vil dei som kan overta arbeidet klare å ferdigstille bygga omlag til avtalt dato, utan at eg kan gi nokon lovnad om dette.

Alle avtaler må reforhandlast

Avtalene på dei 34 driftsbygningane er no annullerte som følgje av konkursen. Det nye selskapet som eventuelt kjem inn, må inngå ny avtale med kvar enkelt av dei 34 fjøsbyggjarane.Iversen opplyser elles at han også har kontakt med FK Agri, som har snakka på vegne av fjøskundane. – Eg forstår at også Felleskjøpet arbeider for å bidra til ei god løysing på denne uheldige situasjonen. Det er forståeleg at arbeidet på driftsbygningane får mykje fokus, då det er snakk om levande dyr og mange individ, kommenterer bustyraren.

Nærmar seg kritisk tidspunkt

Ein av dei råka bøndene er John Geir Sperle i Jostedalen. Han mista fjøset i brann for eit år sidan, og har i mellomtida tatt vare på ungdyra med provisoriske løysingar for å kome fort i gang med produksjonen att, melder NRK Sogn og Fjordane. No er han i ein fortvila situasjon. Planen var å få dyra inn i det nye fjøset før kalving, men no er alt sett på vent – mens naturen går sin gang. Sperle har kontakt med ein ny entreprenør, men får ikkje sleppe til før fjøset er frigitt av bustyraren, fortel han til NRK Sogn og Fjordane.

Var totalleverandør

Samarbeidet mellom Nordfjord Bygg og FK Agri starta i 2010, først lokalt på Vestlandet, så utvida til heile landet. Firmaet har vore inne som totalleverandør på fjøsprosjekta, med alt frå betong og bygg til straum og vvs.

Gasellebedrift: Fort opp...

" Nordfjord bygg har marknadsført seg som "en interessant samarbeidspartner for deg som ønsker arbeidet utført effektivt og til høy kvalitet. Vi er samarbeidspartneren som strekker seg litt lenger." Veksten førte til at firmaet i 2012 og 2013 vart kåra til gasellebedrift, ei utmerking som går til firma som mellom anna minst har dobla omsetninga over fire år.No har dei strekt seg for langt, og økonomien har gått grundig over ende. 40 tilsette mistar jobben. 20 av desse er stasjonert ved basen i Vågsøy. Resten har arbeidd på prosjekt ulike stader i landet. Kor mange av desse som kan bli med i eit nytt firma kan ikkje bustyrar Iversen svare på.

Powered by Labrador CMS