rundball

Rundballepresser også frå Pöttinger

A-K maskiners hovudleverandør av grasutstyr har bestemt seg for å satse på rundballepresser. Lite er kjent om tekniske detaljar, og enn så lenge er det berre snakk om ein serie til prøvekøyring i 2015.

Publisert

Pöttinger vil at vi skal vite at dei kjem med rundballepresser, men resten er ganske hemmeleg enno.

Det vi veit, er at pressene skal vere nyutvikla, og at dei kjem som singelpresser og kombipresser. Pöttinger lovar at pressene skal ha løysingar og detaljar som ikkje er kjent frå før, men ut over det held dei korta ganske tett. Den presenterte kombipressa har variabelt kammer. No leverer A-K maskiner presser frå CNH, mellom anna presser som slektar frå norske Orkel. I og med at det tar litt tid før Pöttinger sine presser er klare for sal, er det for tidleg å seie noko om korleis A-K vil handtere to pressesortiment.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS