død rose COLOURBOX1812518
død rose COLOURBOX1812518

Mann omkom i traktorulukke

Ein i 60-åra omkom i ei traktorulukke i Førde i Sogn og Fjordane måndag. Traktoren har gått rundt fleire gongar. Mannen vart funnen omkomen i førarhytta. Det var ikkje vitne til hendinga.

Publisert

Mannen budde åleine på garden, utan nær familie. Han var gardbrukar, under pensjonsalder. Det er ikkje kjent kva som var formålet då han køyrde denne turen, og ingen har sett det som skjedde før tilfeldig forbipasserande oppdaga at traktoren låg velta nedanfor ein kant.

Mannen vil bli obdusert, og Arbeidstilsynet er kopla inn for å etterforske ulukka saman med politiet.

Ulukka skjedde på mannen sin eigen gard på Kråkeneset, på sørsida av Førdefjorden, omlag ei mil frå Førde sentrum. Politiet opplyser at han køyrde ein Kubota 5950, 1985-modell. Traktorar frå denne tida har ikkje automatisk innkopling av firehjulstrekk ved bremsing, og er heller ikkje originalt utstyrte med setebelte.

Powered by Labrador CMS