Stihl MS171 motorsag

Ikkje norsk krav til motorsag-prøve

Mens Sverige innfører krav til å ha avlagt teoretisk og praktisk prøve for å bruke motor- eller ryddesag, vil ikkje noko slikt krav bli innført i Noreg. Men Arbeidstilsynet tilrår kurs likevel.

Publisert

For å bruke motorsag her i landet, er det krav til dokumentert opplæring. Noko form for førarkort som i Sverige kjem ikkje på tale dei næraste åra.

Også her i landet har det vore diskutert å stille strengare krav til alle som brukar motor- og ryddesag. – Skogbruksnæringa seier at det er behov for eit 15-timars kurs for å beherske slikt utstyr, men vi har ingen lovheimel for å innføre formelle krav, seier Håkon Willerud i Arbeidstilsynet til Bedre Gardsdrift.

Krav: Dokumentert opplæring

Kravet som blir stilt her i landet, er at du skal ha gått gjennom dokumentert opplæring. Det betyr at ein kompetent person skal ha forklart deg om bruken av utstyret, om farar, vedlikehald og så vidare, og dette skal vere dokumentert ved at de begge har signert på eit dokument om at opplæringa er gitt.

Attest for dokumentert opplæring kan du laste gratis ned herifrå.

Meir privat enn næring

" Etter kvart er talet skadde ved bruk av motorsag blitt lågt i Arbeidstilsynet sine statistikkar. Det kan dels skuldast at mykje av motorsag-bruken skjer privat, og då vil ikkje eventuelle skader og ulukker bli ført i Arbeidstilsynets statistikk. Samstundes er det mindre bruk av motorsag i næring, der ein større del av avverkinga skjer med hogstmaskiner. – Uansett veit vi at opplæring er viktig for å unngå ulukker. Det blir arrangert kurs i bruk av motorsag. Sjølv om dette ikkje er pålagt, er det sterkt å tilrå. Ein ting er å oppfylle våre krav. Noko anna er å redusere risikoen du utset deg sjølv for, kommenterer Arbeidstilsynets Willerud.

Vedkløyvaren like ille

Eit anna moment er at skadestatistikken for ulike maskiner heile tida er i endring. Akkurat no fokuserer svenskane på motorsag, fordi dei har hatt høge skadetal der. Her i landet er ikkje talet motorsag-skader oppsiktsvekkande høgt, mens vedkløyvarulukkene har ein urovekkande tendens. – Felles for all bruk av maskiner er at det følgjer med ein risiko. Opplæring og kunnskap reduserer risikoen. Difor stiller vi krav til dokumentert opplæring, og oppmodar alle om å sikre seg med god opplæring, gjerne meir enn det vi stiller krav om, oppsummerer Willerud.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS