valtra S_4 to tilhengere veg

Ikkje gjennomførbar symbolpolitikk

Strukturendringane i landbruket som regjeringa legg opp til lar seg ikkje gjennomføre i praksis. Regjeringa sitt tilbod i landbruksoppgjeret føreset traktorkøyring som ikkje er lovleg.

Publisert

Sylvi vil ha fleire sånne, men utstyrt så den kan gjere ein rasjonell jobb er den heilt ulovleg langs veg.

Eit av dei oppsiktsvekkande framlegga er å heve kvotetaket for mjølkebruk til 1,2 millionar liter, noko som betyr ein bruksstorleik på 150 mjølkekyr. I dag er gjennomsnittet i Noreg 24 kyr pr. bruk, mens gjennomsnittet i EU er 16 kyr pr. bruk.

Meir tid på vegen

Konsekvensen av slike gigantbruk, reint praktisk, er at store mengder grovfôr må køyrast inn frå langt borte, og husdyrgjødsla må køyrast like lange avstandar utatt. Og reiskapen som skal gjere jobben må same vegen. Uansett kva framlegg og vedtak Listhaug kjem med, får ho ikkje oppheva Vårherre si utforming av landskapet, med temmeleg små teigar spreidde utover her og der kringom i landskapet. Det gir lange transportetappar.

Alt i dag, der familiebruka berre kan vere ein tredel så store og samdriftene maksimalt to tredelar av den føreslåtte nye kvotegrensa, er vegtransport eit stort problem. Vi brukar ordet "problem" fordi all transporten er kostbar, den er feil for miljøet, den er underlagt trafikkreglar frå ei tid der mange kyr vart mjølka for hand, og den er til ulempe for andre trafikkantar.

Trafikkreglar til hinder

La oss sjå litt ekstra på trafikkreglane. Mykje av reiskapen som er naudsynt for å drive sjølv heilt små bruk har ei breidde på meir enn 2,55 meter. Då kan du etter gjeldande regelverk ikkje køyre lengre enn 34 km om gongen. Landbruket sjølv har ønska å oppheve denne avstandsgrensa, noko verken førre regjering eller sitjande regjering har gjort noko med. Derimot vil sitjande regjering oppheve avstandsgrensene for samdrifter, som seier at det maksimalt kan vere 17 kilometer mellom driftssentera.

Er breidda mellom 3,5 og 4,2 meter, må du ha dispensasjon og følgebil. Alt i dag er mange av familiebruk-traktorane i øvre sjikt av det som er lovleg på breidde, når dei får på tvillinghjul. Kva då når effektiviteten, og med det traktorstorleiken, skal enda meir opp?

Store traktorar med to tilhengarar er vanlege i mange EU-land. For å nå Sylvi sine mål må vi bruke sånne også her i landet, men det er ikkje lov.

Vidare har vi eit krav om kor tung tilhengarar og slept reiskap kan vere, ei vektgrense som ikkje er brukt på traktor i vesentlege EU-land. Denne grensa hindrar effektiv og rasjonell bruk av tilhengarar, gjødselvogner, fôrvogner og anna. Også her har landbruket oppmoda både førre regjering og sitjande regjering om å lempe på regelverket. Utan svar. Slik kan vi halde fram: Store traktorar treng tvillinghjul for å kunne brukast utpå jorda. Bruk av tvillinghjul langs veg er omgitt av eit uryddig regelverk. Landbruket ynskjer å kunne køyre raskare enn 40 km/h, mens norske styresmakter nektar typegodkjenning av nye 50 km/h-traktorar som er godkjende elles i Europa.

Regel etter regel hindrar landbruket i å drive rasjonell og sikker transport langs vegen. Det veit regjeringa. No vil Listhaug & Co ha mykje meir av slik køyring som ikkje lar seg gjennomføre, fordi meir ikkje gjennomførbar vegtransport skal gi eit meir rasjonelt landbruk.

Forstå det den som kan.

Bedre Gardsdrift følgjer landbruksoppgjeret på Twitter. Du finn oss her.

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS