prkonf landbruksoppgjøret 2014

Ampert mellom Listhaug og landbruket

Det er brot i jordbruksforhandlingane. Pressekonferansen med Bondelaget, Bonde og småbrukarlaget og Landbruksministeren vart ei uvanleg framsyning i amper stemning og harde skuldingar.

Publisert

Det vart ikkje handgemeng, men oppsiktsvekkande munnhoggeri på pressekonferansen om brotet i landbruksoppgjeret.

Det toppa seg då Listhaug sette fram påstandar om at landbruksorganisasjonane omgir seg med feil og desinformasjon, det som i kvardagsspråket ville blitt kalla løgn. Landbruket på si side oppfattar røyndomen diametralt annleis enn statsråden, og stemninga framme i presserommet var alt anna enn god. Listhaug meiner at landbruksorganisasjonane ikkje bidrar til å skape positivitet og god stemning i landbruket. Ho har på sine mange turar i landet, som ho refererte til mange gongar, ikkje sett noko til det som vert kalla industrilandbruk, og meiner heller ikkje at regjeringa sin politikk vil føre til noko slikt. Det kom ikkje fram kva grunn Listhaug, på vegne av Høgre/FrP-regjeringa, har til å ta avstand frå såkalla industrilandbruk.

Bondelagsleiar Nils T. Bjørke meinte at landbruket var innstilte på å forhandle, men at Staten ikkje viste noko vilje til forhandlingar. Det er Listhaug svært usamd i. Vidare meiner Listhaug at regjeringa vil ha slutt på seigpininga av landbruket.

Bedre Gardsdrift følgde pressekonferansen og rapporterte fortløpande påstandane som vart sett fram via twitter-kontoen vår. Vil du sjå pressekonferansen med eigne auge, og det tilrår vi at du gjer om du har interesse for sånt, så finn du den på regjeringa sine nettsider om du klikkar her.

"
Powered by Labrador CMS