1403reg-graf

Det ser stygt ut

Så langt i 2014 ligg traktorregistreringane bak skjema for 2009, som er det svakaste traktoråret i Noreg etter dei to heilsvarte åra 1992 og 1993.

Publisert

La oss ta ei lita historieøkt: Etter opptrappingsvedtak, gode utsikter og tru på mekaniseringa av landbruket, skaut registreringstala for traktor i vêret, og på slutten av 70-talet og fram til midten av 80-talet låg traktorregistreringane på mellom 6000 og 9000 kvart år. I 1986, i Gunhild Øyangens første av totalt ni år som landbruksminister, starta ein lang og bratt nedtur. Botnen vart nådd i 1992. Det året vart det montert skilt på 2238 nye traktorar. Aldri, verken før eller etter at mekaniseringa for alvor skaut fart her i landet, har det vore nyregistrert så få. 1993 var heller ikkje bra, med 2400 traktorar. Det tredje dårlegaste året er 2009, med 2626 nye traktorar registrerte i Noreg.


Notida

I dette perspektivet merkar vi oss at kvar av dei tre første månadane i 2014 ligg bak tilsvarande månad i 2009. Eitt kvartal inn i 2014 ligg vi ni prosent lågare enn fjoråret. I reine tal betyr det at det kvar einaste dag så langt i fjor vart registrert minst ein traktor meir enn så langt i år.

Dei tre store

Det er dei raudgrøne som toppar pallen på traktor, vel å merke framleis med MF i tet. Om hjorten har gjort eit lite byks nærare, er Massey Ferguson 16 traktorar framom, og det merket som har største framgangen.John Deere er tilbake 53 traktorar mot første kvartal i fjor, og har ein sjeldan låg marknadsandel på under 20 prosent. New Holland er stadig framom fjorårsnivået, og 13 traktorar bak Deere. Altså er det ikkje meir enn 29 traktorar mellom førsteplass og tredjeplass etter tre månader.

Valtra

Valtra har ikkje berre gått tilbake, dei har stupt. Eitt kvartal inn i 2013 hadde Valtra registrert 190 traktorar. Til no i år er talet 81, altså meir enn ei halvering. Det høyrer med til soga at starten på 2013 var sjeldan god for Valtra. I 2012 var det tilsvarande talet 114 nyregistrerte Valtra'ar. Like fullt må vi poengtere at avstanden ned til femteplassen berre er halvparten så stor som avstanden opp til tredjeplassen.

Tett liste vidare

Det mest påfallande, både på toppen av lista og vidare nedover, er kor jamn avstanden mellom merka er. Bortsett frå at dei tre i teten held ein viss avstand til resten, er det ikkje store hopp. Trekløveret CaseIH, Fendt og Deutz-Fahr har alle grei framgang. Den raude minst, dei to grøne har til dels stor framgang. Det same kan ikkje seiast om Claas, som er råka av den generelle tilbakegangen i marknaden og litt til. McCormick held stand, mens Kubota har lurt seg forbi Zetor og er på tiandeplass.

Eik er størst, framom A-K

Statistikken over importørane er like omsnudd som merkestatistikken. Eik er i tet med 211, 20 traktorar framom A-K, med FK på tredje med tre firedelar så mange, med 145. Lantmännen ligg midt mellom FK og HCP, der rapporten til Sverige har talet 105, mens rapporten til Danmark lyder 48 traktorar på tre månader.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS