Regnskader2
Regnskader2

U-vår

Over heile Sør-Noreg, og også elles i Europa, er våren 2013 av det ugreie slaget. Kaldt og ustabilt vêr gjer livet surt for bøndene. Trøndelag er to veker bak skjema. Jæren er fire veker bakom.

Publisert

Lengst nord er forholda gode, og ligg til dels før skjema. Dermed er vi i den situasjonen at bøndene i Finnmark kan vere ferdige med våronna samstundes med bøndene kring Oslofjorden og på Jæren.

Uventa bra i nord

– Vi hadde veldig mykje snø og var redd for at det ville bli ein sein vår, men to veker med god varme og gode forhold gjer at vi no har tidlegare våronn enn normalt, får vi rapportert frå kontoret til Troms Landbruksrådgiving. Frå Tana kjem same melding. – Normalt er det slik at fine, varme dagar blir følgde av frost om natta, men no har det vore varmt og godt også nattestid, så dei store snømengdene har smelta fort og jorda er godt i gang med å tørke opp, så bøndene her ser lyst på situasjonen. Dei første er i gang med våronna, så det er bra. Det ser også ut til at overvintringa har gått veldig fint.

Alt samtidig i Trøndelag

Håvar Hanger i landbruksrådgivinga i Sør-Trøndelag fortel at alt skjer samtidig, frå fjord til fjell, i området der no. Jamt over er våronna to veker bak normalen, med visse variasjonar. – Entreprenørane som har basert seg på å arbeide seg frå nedmed fjorden til oppi fjellbygdene etter kvart som våren kjem, har det stridt for tida. Reint klimatisk har vi brått gått frå vår til sommar. Mange fekk gjort mykje godt arbeid i pinsa. Dermed er ikkje situasjonen blitt så ille som vi kunne frykta. Visse plassar heng enno telen i jorda. Massivt regn har kan hende vaska bort mykje av husdyrgjødsla som er blitt spreidd siste dagane, mens andre plassar spirer kornet fint. Sein vår og brått sterk varme fører nok til lite busking i år, noko mange tar omsyn til ved å gjødsle mildare. Eg trur vi må tilbake til 1987 for å finne ein tilsvarande sein vår.

På veg mot sju magre i aust

Ikkje moro verken å vere åkrer eller bonde. Bilete frå Romerike i dag. (Foto: Sesselja Bigseth)

Kornbøndene i aust har sitt femte år på rad med ein dårleg start.– Normalt er vi nøgde om vi er ferdige å så til 17. mai, fortel Jan Stabbetorp i Romerike Landbruksrådgiving. – I år vart omlag 10 prosent sådd kring 8. mai og 40 prosent i pinsa, så enno er halvparten av areala usådde. Det er kan hende like greitt, for no har vi hatt minst 50 millimeter nedbør siste to døgna. Det gir ein veldig erosjon, truleg meir på eit par døgn enn gjennom ein heil vinter. Styrtregn på nysådd leirjord etterlet ei overflate nærast som betong, så mange får mykje ekstraarbeid etter dette. Nokre må kanskje så omatt. Når vi får sådd ferdig siste halvdel av areala her i området er vanskeleg å seie, for det tar litt tid å få jorda til å tørke oppatt. Framleis finst det såkorn på lager, men bøndene må rekne med at dei ikkje kan få det dei vil ha. Tida er ute for å så vårkveite. Alt no kan vi slå fast at 2013 blir eit dårleg kornår her i distriktet. For dei som har kjøpt såkorn som dei har på lager sjølve, kan investeringa vise seg å bli ugrei. Mange har tidleg-korn som er blitt fleire år gammalt på lager, og spireprosenten er på full fart nedover. Blir spireprosenten for låg er ikkje slikt såkorn verd mykje i såmaskina, og skal du bli kvitt beisa såkorn, kostar det pengar.

Frukt og grønt treng perfekt haust

I Østfold er potetene og grønsakene to-tre veker bak skjema. Tidlegpotetene er i jorda, mens mykje elles står på kjølerom og ventar. – Det er ikkje krise enno, men mange har fått mykje ekstra bryderi med å bremse settepoteter og plantar som skal i jorda. No er vi avhengige av full klaff til hausten for å få ein OK sesong, melder Tor Anton Guren i Norsk Landbruksrådgiving SørØst.

Tre veker bak skjema i vest

Frå vår eigen kant av landet, inst i Nordfjorden, noterer vi at våren ligg tre veker bak skjema. Fram til førre veke var det null vekst på beita, mellom anna på grunn av at der stadig var mykje tele i jorda. Mens øvste jordlaget var tørt og fint sist i april, snudde situasjonen då snøen kom og la seg kring første helga i mai. Då snøen smelta att, vart jorda vassmetta, avdi væta ikkje kunne trekke ned. Alt vårarbeidet ser ut til å bli gjort tre veker seinare enn i fjor. Konsekvensane er enkle å sjå, men for mange tar dei til å bli krevjande å forhalde seg til. Tre veker lengre innefôringstid på dyra betyr at fjorårets jamt greie avling er oppbrukt og vel så det. For alle som driv med sau er det vanskeleg å få ut dyra etter lamming, så lenge der ikkje er noko å beite på. Denne situasjonen tar til å løyse seg no, men dei siste vekene har dyrlegane kunna melde om at penicillinen renn ut. Stadig større lam inne i vårtronge fjøs har lite anna å fordrive tida med enn å herje med juret til mora, noko som fører med seg uvanleg mykje jurbetennelse. På toppen av det heile har vi hatt ei tidleg påske, og mange justerer tidspunkt for lamminga etter påska, både fordi vår og påske ofte følst åt, og for å utnytte fridagane i påska til å vere lammingsvakt. For bønder med dyra på talle er minkande lager med strø eit problem, og det fleire veker sidan det ikkje lenger var meir strøhalm å oppdrive i landet. Lite snø i fjellet, og kjapp snøsmelting, kan føre til redusert kvalitet på fjellbeita.

Ein månad forsinka på Jæren

Helga Hellesø i Norsk Landbruksrådgiving Rogaland melder om ein lite oppløftande situasjon. Jamt over er våren ein månad forsinka. Mykje vårarbeid står enno att på store areal. Det er få dyr som er slepte på beite. Ung eng har klart seg brukbart gjennom ein kald vinter. Eldre eng har klart seg dårleg, og beita er veldig varierande. – Vi ser eit brokete bilete. Bøndene er bekymra, og mange vurderer kor mykje av buskapen dei kan ha med seg vidare. Vi har måtta kjøpe inn mykje fôr, og importert mykje, og vi kjem til å få ein veldig sein og tynn førsteslått. Det er direktesådd i ein del av den utgåtte enga, utan at det kan kompensere for dei store avlingstapa. Frosten sat lenge i jorda, det har vore veldig sein opptørking, og framleis er temperaturane uvanleg låge. Gjerne mellom seks og ti grader. Pinsa var fin, men to gode dagar monnar lite. Tidlegare i vår sleit mange med fulle gjødsellager. No ha vi fått ut gjødsla, men kulda gjer at næringa ikkje vert optimalt utnytta. Eg likar ikkje å svartmåle, men slik er situasjonen her no, oppsummerer Hellesø.

Også Europa ligg bakom

Vår svenske kollega ATL melde siste veka i april at land som Frankrike, Polen og Tyskland låg fleire veker etter normal våronn. Ukraina var meir på normalen. I USA er såinga av mais forsinka på grunn av kaldt vêr.

Relaterte artikler

Powered by Labrador CMS