mia+listhaug
mia+listhaug

Sterk bondestøtte frå matindustrien

I eit møte med landbruksministeren i dag stiller matindustrien seg bak eit felles krav om eit sterkt norsk landbruk, og dei har med seg tunge organisasjonar.

Publisert

Aldri før har matindustrien stilt så samla og topptungt som då dei møtte Landbruks- og matminister Sylvi Listhaug.

Dei kallar seg Matindustrialliansen, og grupperinga er samansett av desse seks matvaregigantane: Orkla, Nortura, Agrar (Mills), Kavli, Tine og Hansa/Borg. Dessutan har styra i NHO Mat og Drikke, NHO Mat og Landbruk slutta seg til, og det heile er blitt til etter initiativ frå Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund. Dette er første gongen i historia at den norske mat- og drikkeindustrien står saman i ein felles allianse. Saman troppa dei opp på landbruksminister Sylvi Listhaugs kontor i dag med ein bodskap som også gir sterk støtte til norske bønder.

- Skjebnefellesskap

Målet er å sikre auka konkurransekraft for den norskbaserte mat- og drikkeindustrien, og då må også landbruket sikrast gode vilkår. – Store deler av matindustrien lever i et skjebnefelleskap med norske bønder, står det i det felles dokumentet frå Matindustrialliansen. Det vert poengtert at dette er den største landbaserte industrien i landet, og samla sett den nest største industrien i Noreg. Her er 46 000 tilsette og over 160 milliardar kroner i produksjonsverdi. Aktørane ser dessutan behovet for å tale med ei sterkare stemme for å nå gjennom til styresmakter og media.

Sju-punkts liste

Saman la Matindustrialliansen på bordet eit dokument på sju hovudpunkt: 1.En effektiv og framtidsrettet verdikjede 2.Forutsigbart og robust importvern 3.RÅK-ordning som sikrer konkurransekraft 4.Nødvendig med markedsregulering 5.Reduserte særavgifter 6.Økt satsing på innovasjon og kompetanse 7.Strengere krav til mattrygghetI tillegg kjem eit punkt om at Lov og God handelsskikk er nødvendig.

- Må gi bonden direkte tilskot, sikre importvernet og halde på marknadsreguleringa

Under desse hovudpunkta legg vi mellom anna merke til formuleringar som dette:- Gjensidig avhengighet landbruk og matindustri: Gode vilkår for norsk landbruk er svært viktig for den norske matindustrien, samtidig er en konkurransedyktig industri en forutsetning for avsetning av norske jordbruksprodukter - Virkemidler over statsbudsjettet (direkte tilskudd og investeringsstøtte til landbruket) må prioriteres høyere enn prisøkninger i markedet- Importvernet er et sentralt fundament for en sterk norsk mat- og drikkeindustri. Effekten av importvernet er gradvis redusert siden 90-tallet (pga pris- og kostnadsnivå i forhold til utlandet). Konkurranseevnen til norsk matindustri må sikres gjennom et velfungerende og forutsigbart importvern - Forutsigbare og balanserte markeder er viktig for norsk matindustri - Markedsreguleringen skal være konkurransenøytral, transparent (all info åpent tilgjengelig) og gi forutsigbarhet- Dagens markedsreguleringer bør gjennomgås av et bredt sammensatt utvalg

Relaterte artikler

Powered by Labrador CMS