skrønar om effekten

Sju eller åtte hk?

I BG 7/2013 omtaler vi effektregelen for å trekke hengar. Ein regel som seier at du skal ha 7 hk (5,15 kW) pr. tonn vogntogvekt. Underleg nok var sju-talet blitt til åtte i artikkelen.

Publisert

Vognkortet skrønar om effekten, mens vi har skrøna om effektregelen: Kravet er sju hk pr. tonn vogntogvekt. Kor det åtte-talet kom frå er det ingen som veit.

Heldigvis har Bedre Gardsdrift vakne og gløgge lesarar, så talet som har slått krøll på seg fekk ikkje stå i fred særleg lenge. Og dei som har kontakta oss har heilt rett: Kravet er sju hestekrefter, vel å merke sånne som er oppgitt i vognkortet, pr. tonn aktuell vogntogvekt. Det gjeld både traktor og lastebil, føresett at toppfarten er større enn 30 km/h. Kilowatt-talet klarte vi å få rett: 5,15 kW.I vektkalkulatoren, som du kan laste ned herifrå for å rekne ut kor mykje du lovleg kan laste på hengaren, er alle desse tala korrekte. Artikkelen det gjeld, der vi presenterte dette snurrige talet, heiter "Skrønar om effekten", og peikar på at der er mykje rart ute og går i effektopplysningane i vognkortet, noko som stundom frårøvar deg fleire tonn nyttelast.

"

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS