John Deere 6125R_01.jpg

På merkevaretoppen: John Deere

På andre sida av dammen, der dei overvakar og analyserer det meste, undersøkjer dei også som er verdas sterkaste merkevarer. Eitt landbruksfirma er på lista: John Deere, på 80.-plass.

Publisert

Det luktar ikkje akkurat fjøs og nypløygd jord av Interbrands top 100-liste over verdas sterkaste merkevarer. Men John Deere står opp for landbruket.

John Deere er einaste maskinfirma knytt til landbruket på lista, som er utarbeidd av Interbrand. Undersøkinga heiter Best Global Brands 2013, og er bygd opp på det viset at Interbrand verdset marknadsverdien på ulike selskap, for deretter å rangere dei.

Mat, ja takk!

På toppen av lista finn vi eit eple som nokon har tatt ein bit av. Deretter følgjer Google, Coca Cola (som har hatt hevd på førsteplassen i nær sagt alle tider) og IBM. Mat og drikke er viktig, for høgt oppe finn vi også McDonalds (7), Pepsi (22), Kellogg's (30), Budweiser (31), Nescafé (37) og Danone (m.a. meieriprodukt, 49).

Bilar og mote

Ein annan viktig sektor er køyrety, fortrinnsvis som personbilar: Toyota (10), Mercedes-Benz (11), BMW (12) og Honda (20). Elles er det mykje elektronikk og data på topp 100-lista, forutan motemerke for klede og anna sånt som underteikna har heller dårleg forstand på.

Gult er kult

Einaste selskap som kan seiast å vere i same kategori som John Deere på lista, er Caterpillar på plass 58. Verdiutviklinga til Cat var for sju år sidan omlag som for John Deere no og tre år bakover. Hjorten har auka jamt i verdi siste tre åra, og er no verdsett til 4,87 milliardar dollar (28 milliardar norske kroner).

JD er meir enn traktor

No skal det seiast at John Deere ikkje lever av traktorar åleine. Særleg i Nord-Amerika er også anleggsdivisjonen sterk, og John Deere har ein dominerande posisjon på maskiner for park, golf og hage. Vi skal heller ikkje gløyme skogsmaskinene, sjølv om den økonomiske verdien her kan hende ikkje er avgjerande. Dei seinare åra har JD også satsa mot vatning, lyssetting av grøntområde og liknande utstyr, ei satsing der selskapet for få dagar sidan selde aksjemajoriteten sin "for å konsentrere seg om landbruk, anlegg, grøntyter og skog". Selskapet konstaterer samstundes at Europa seglar opp til å vere viktigaste landbruksmaskin-marknaden i verda, mellom anna på grunn av det høge nivået på landbruksstøtta i EU.

Powered by Labrador CMS