penger - bredde

Landbruksoppgjeret: +31 000 kr

Avtalen reduserer avstanden til andre grupper, og skal ha opptrappingsplan. Organisasjonane og Staten er samde.

Publisert

Bondeorganisasjonane er nøgde med at det er blitt avtale, men Nils T. Bjørke i Norges Bondelag understrekar at det må til fleire slike oppgjer for at det skal monne. Avtalen gir potensiale for inntekstvekst på i gjennomsnitt 31 000 kroner pr. årsverk, noko som er 12 000 meir enn inntektsveksten for samanliknbare grupper.

Kornproduksjonen er tilgodesett med +20 øre på matmjøl og + 18 øre på fôrkorn, men kraftfôrprisen går ikkje opp meir enn sju øre.

På storfe er det semje om eit kvalitetstilskot som utgjer 3,70 kr/kg. 55 prosent av storfekjøtet kjem inn under ordninga, utan at det blir prisauke til forbrukar. Dette er meint som ein ekstra stimulans til auka storfekjøtproduksjon.

På mjølk aukar målprisen med 23 øre pr. liter. Lammekjøt er opp 3,50 kr/kg. Poteter er opp 25 øre/kg. Frukt og grønt er opp 2,7 prosent. Oljevekstar er opp 25 øre/kg.

Kravet frå landbruket på prisramma er oppfylt, men ikkje budsjettkrava. Avtalen har ei totalramme på 1,27 milliardar kroner. 580 millionar kroner er auka målpris og 500 millionar kroner er auka tilskot. Resten er auka effekt av jordbruksfrådraget og ledige midlar.

Dei som sel mange kg og mange liter får god inntektsvekst. Ikkje innfridde mål på budsjett betyr at mindre produsentar og distriktslandbruket ikkje får den veksten som landbruksorganisasjonane ynskjer.

Landbruket i Noreg har det som kan kallast ei småskifteutfordring og mange vanskelege teigar, som gir det norske landbruket spesielle utfordringar. Desse driftsulempene er i større grad kompenserte for i år.

Investeringspakken som jordbruket ønska er det ikkje gjennomslag for no, men Nils T. Bjørke understrekar at dette strengt tatt ikkje er ei jordbruksavtale-sak. Det betyr at Regjeringa ved eit seinare høve kan innføre ein slik pakke, på same vis som at tollvernet ligg utanfor jordbruksforhandlingane.

Avtalen gir utslag på prisar til forbrukar på 0,5 prosent, som betyr omlag 100 kroner pr. person pr. år. Talet kjem av at forbrukarane brukar omlag 20 000 kroner på norske matvarer årleg.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS