død rose COLOURBOX1812518

Kvinne omkom ved gulrotopptaking

Ei 55 år gammal kvinne frå Latvia, busett på Klepp i Rogaland, omkom etter alvorlege hovudskader frå då ho kom i klem under ein gulrotoptakar på Klepp fredag.

Publisert

Ulukka skjedde fredag morgon. Kvinna vart frakta til Stavanger Universitetssjukehus med luftambulanse, og tilstanden vart skildra som kritisk og ustabil. Etter litt over eit døgn døydde kvinna av skadane. Politiet har ikkje gått ut med detaljar om kva som skjedde, ut over at kvinna fekk alvorlege skader i hovudet av at ho kom under gulrotopptakaren under arbeid på åkeren.

Klepp kommune sende kriseteamet sitt til garden der ulukka skjedde fredag. Politiet har avhøyrd vitne, og etterforskar saka som ei arbeidsulukke. Difor er også Arbeidstilsynet kopla inn.

Gulrotopptakaren er ein modell av Asa-Lift bygd for å lesse i store trekassar som blir sett på sida av opptakaren, og bakpå er det plass for folk som sorterer.

Powered by Labrador CMS