df proj 440E

Kongekampen

Deutz-Fahr har lenge jobba med sitt "Project 440 hp", og dei bur seg på å avduke verdas største standardtraktor på Agritechnica. Men dei får neppe ha kongetittelen veldig lenge.

Publisert

Bilete har vi ikkje fått enno, men dette er ei av skissene Deutz-Fahr har lokka med.

På kvar sine vis kjempar dei store traktorprodusentane om å kunne titulere seg som noko gjævt. MF proklamerte nyleg at dei var komne over 400 hk, med sin 8700-serie. CaseIH og New Holland er på omlag 420 hk med største Magnum og T8, og i same område har vi John Deere 8370R.

Alle veit om Deutz-Fahr

Deutz-Fahrs Project 440 hp er noko såpass uvanleg som ei halvt open traktorutvikling, med aktiv bruk av sosiale media, og framlegging av kva alternativ som er til vurdering på motor, design, transmisjon og så vidare. No er det gjort kjent at traktoren blir toppmodell i Deutz-Fahrs nye serie 11. Prosjektet har på same tid gjort det enkelt for konkurrentane å ha peiling på kva som er i vente. Difor er det ingen som er overraska over at det finst spionbilete av ein ny diger Fendt på nettet, no like før Agritechnica. Kor stor veit vi ikkje, men kan hende meir enn 440 hk.

Neppe over 500 gamp

Du har høyrd det før: No kan ikkje traktorane bli mykje større. Så blir dei det likevel. Men no tar det til å bli alvor: Grensa er snart nådd. Til no har problemet vore å få overført alle kreftene til bakken. Særleg har sluring mellom dekk og felg vore eit problem her i Europa, for vi køyrer jo helst med enkle hjul på grunn av trafikkreglane. Dekkfabrikkantane har jobba på høggir, og har nesten klart å halde følgje. Trafikkreglane set også ein annan stoppar for utviklinga. Traktoren kan ikkje vere breiare enn 2,55 meter for å bli typegodkjent. Altså må traktorkroppen vere veldig smal for å klare å få plass til hjula, særleg framhjula som helst skal kunne svinge litt på seg. Neste hinder er tunnellhøgda. Nei, vi tullar ikkje. Skal traktorane kunne bli frakta ut til kundane, kan dei ikkje vere for høge til å passere europeiske veg- og jernbanetunnellar. Enno er det litt å gå på, men på treskar er dette eit reelt problem sjølv når dei står på buken. Dessutan avgrensar aksellastreglane kor tunge traktorane kan bli.

Vurderer andre konsept

– Nyleg hadde vi hjul på knapt to meter i diameter bak. Så auka vi til 2,15. No er vi på 2,30. Når vi ikkje kan bli breiare, må vi auke diameteren. Men vi tar til å få vanskar med å bygge ein fornuftig traktor med større hjul enn dette, så eg vil tru vi snart må seie at vi ikkje kjem lengre i storleik, seier utviklingssjefen hos ein av dei store europeiske traktorprodusentane til Bedre Gardsdrift.Han får støtte frå ein konkurrent.– Snart kan vi legge kampen om å ha største traktoren bak oss. Vi er alle på grensa til kva som er fornuftig. Då får vi heller sjå på andre løysingar, som til dømes Fendt si master-slave-løysing, eller vurdere andre konsept. Claas har Xerion, som med fire like store hjul enno ikkje har nådd grensa for kor stor den kan vere. Utfordringa med europeiske traktorar er at dei blir brukte allsidig, samstundes som dei ofte køyrer på offentleg veg. Det gjer bruk av belte mindre aktuelt, og tvillinghjul er heller ikkje så stort tema her som i USA.

Den neste største?

Også på Claas si utviklingsavdeling, under ein stor presenning, står eit digert beist.– Hehehe, svarer ein av Claas sine ingeniørar når BG spør kva som gøymer seg under duken.– Noko nytt til Agritechnica, spør vi.– Nei. Sima...– Den er stor?– Ja. Verdas største!

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS