1310reggraf

Julestemning i traktormarknaden, men....

Årets oktober er særs god, og 2013 så langt ser bra ut. Men der er mørkeblå skyer i horisonten.

Publisert

Det er svært sjeldan med så gode registreringstal på ein månad: 421 traktorar fekk skilt i oktober 2013. Faktisk er årets oktober den tredje beste enkeltmånaden utanom desember sidan Bedre Gardsdrift starta med registreringsstatistikk kvar månad i 2006. Og berre tre gongar på desse åra har desember, som åleine tar kring 12 prosent av registreringane kvart år, vore betre. Og attpå alt: Dei gode tala skuldast at nesten alle merke har registrert fleire traktorar i oktober i år mot oktober i fjor.

Detaljane

John Deere er og blir størst, så enkelt er det. Marknadsandelen i oktober er på det jamne for Deere, med omlag like mange nyregistrerte som Valtra og MF til saman.

Spurtduell I

Valtra har ein grei månad, men ikkje av dei beste. No er finnen berre 13 traktorar framom Massey Ferguson, og vi veit at sistnemnde har formtoppen sin på slutten av året. Her er det duka for spurtduell.

NH og CIH

New Holland har sterkaste oktobertal nest etter JD, men pallplass er nok utanfor rekkevidde. CaseIH følgjer også opp med ein solid oktober, og er no nesten halvparten så stor som NH.

Spurtduell II

Fendt er stadig framom nivået frå 2012. Sjølv om oktober ikkje tok heilt av, har Fendt så langt tredje største framgangen i tal traktorar totalt. Sjuandeplassen kan det bli kamp om. Fire traktorar skil Deutz-Fahr frå Claas. Førstnemnde er akkurat likt med fjoråret i tal traktorar, mens den raudfelga konkurrenten er sju framom fjoråret. Tidlegare i år har rekkefølgja motsett. Claas var faktisk oppe på sjetteplass etter første kvartal, men er blitt parkert av Fendt, og no også forbigått av Deutz-Fahr. Spurtoppgjer i vente her også.

Plass ni til tolv

Zetor slit med å få opp farten, og ligg på to tredelar av fjorårsnivået. Både McCormick og Kubota har ein liten pluss. Utan at dei på noko vis konkurrerer, anna enn om plasseringa på reg-stat'en, merkar vi oss at Kubota er fram nøyaktig like mange traktorar frå i fjor som JCB går tilbake, og er dermed nøyaktig dobbelt så store.

Dei mørkeblå skyene

Etter så mykje vellæte: Importørane melder om at salet av traktorar er svakare no enn vanleg. Etter kva importørane får rapportar av frå fotfolket sitt, er dagane enda rolegare enn kva elgjakta åleine skulle tilseie. Rett nok var ikkje årets kornhaust tipp topp, og mange plassar i landet slo grasavlinga feil. Det gir reduserte maskininvesteringar, men heller ikkje sånne ting kan åleine forklare at blekket størknar i seljar-pennane.

Uvissa etter valet

Då står vi att med ein faktor: Valresultatet og den nye landbruksministeren. Traktorsjefane hos dei store importørane har ei kjensle av at mange er svært usikre på kva som kjem, og at bøndene knip att litt ekstra. Dette vil ikkje vise att på statistikken enno. Nokre få traktorar blir selde rett frå lager, og registrerte innpå ei veke etter salet. Dei aller fleste er bestillingsvare, og då tar det frå ein til fire, stundom seks, månader frå signert kontrakt til registrert traktor.

Kvikksølvtermometer

Traktorregistreringane er landbrukets febertermometer, men det er eit gammaldags kvikksølvtermometer: Det tar si tid frå du stikk det inn til du kan lese av resultatet. Tidlegast i desember, men meir sikkert utpå etterjulsvinteren, veit vi meir. Vi ventar i spenning.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS