1308reg-graf

Hjorten spring føre

I det hjortejakta akkurat er i gang, markerer traktor-hjorten at han skal bli vanskeleg å ta også i år. Ein av tre nyregistrerte i august har gevir i grillen.

Publisert

Både august og heile resten av 2013 har bidratt til ein stadig veksande hjortestamme. Bestanden har auka med 3,7 prosentpoeng til 29,3 så langt i år. I tal individ snakkar vi om pluss 99. Ein slik auke viser att både på innmark og utmark over heile landet.

Utanfor skothald

Jaktlaga som kjem bak vil neppe sjå stort anna enn sjølvsikre hjortedyr som sprett over neste bakketopp, og med god grunn. Forspranget er for stort til at det er nokon reell sjanse til å hente det innatt. Rett nok har Valtra auka med +92 så langt i år, og auken i marknadsandel er identisk med JD sin. Men august vart ein slakk månad med berre 15 nye. Det er uvanleg tamt.

Slit med kondisen

Litt bak Valtra kjem MF og New Holland pesande. Begge i langt dårlegare form en i fjor, med høvesvis 60 og 50 færre registreringar. Tala frå august viser omlag jamt nivå med kva dei har vist elles gjennom året. MF er litt svakare. NH litt sterkare, men ikkje større variasjon enn kva vi må vente frå månad til månad.

Stødig ettersøkslag

Dei som kjem bak og samlar opp kundane dei fire store ikkje har plukka ned, er stort sett CaseIH, Fendt, Claas og Deutz-Fahr. I sum er dei fire heilt stødige. CaseIH og Claas er nær uendra (-2/+3). Fendt har fin driv (+14), særleg etter ein god august, mens Deutz-Fahr er litt slakk (-12). Her sluttar også lista over merke som kjem til å passere 100 traktorar i år.

Dei store av dei små

Som vi har vore inne på tidlegare har Zetor møtt ein særs hard motbakke i år. Seks traktorar i august er til noko hjelp, men tala er slett ikkje trivelege for tsjekkaren på tiandeplassen. På plassen framom er McCormick litt betre stilt. På plass nummer 11 følgjer Kubota, som med seks traktorar i august har klart å komme på pluss. JCB er derimot nesten halvert frå i fjor. Det kan elles nemnast at totalt seks kinesiske og koreanske merke har fått skilt på like mange traktorar som Kubota, altså 24. Her er vi langt unna premiedyr i storleik. Meir på spedkalv-stadiet.

Jaktlag-kampen

Bortsett frå at felleskjøpa er klart størst, er det lite som er klart i kampen mellom importørane. Eik er nest størst med 490, mens Lantmännen har 477. Deretter kjem A-K vel 30 traktorar bak. Einaste måten å få fram eit tal som er større enn John Deeres på, er å sjekke statistikken på konsern-nivå. Der er Agco klart størst, med formidable 37,2 prosent av marknaden så langt i år.

Totalt ligg 2013 50 traktorar framom fjoråret, og også august var ein jamt bra månad, om enn ørlite bak august 2012.

Powered by Labrador CMS