1302reg-graf

Ein god start

Traktormarknaden er opp 11 prosent og 55 traktorar frå i fjor, i ein sjeldant sterk februar. Rekkefølgja i toppen viser eit litt uoversiktleg felt like etter start.

Publisert

Etter at Valtra gjekk hardt ut og la seg først i sporet den første månaden, har John Deere tatt att forspranget og er no så vidt forbi. Så er der ei lita luke ned til MF og New Holland. Med unntak av John Deere går alle betre enn dei gjorde på same passeringspunkt i fjor. Valtra er 40 traktorar framom skjema frå 2012, Massey Ferguson er 25 og New Holland 11 framom, mens John Deere ligg 16 traktorar bak nivået dei heldt den gongen.

Vidare nedover lista er det litt jamnare, men med visse ting vi kan peike på. McCormick ligg bra an, mens Deutz-Fahr ikkje akkurat viser storform med si halvering. Desse resultata er blitt til ved at John Deere har gjort unna 81 traktorar siste månaden. New Holland og Valtra har lagt bak seg omlag halvparten så mange, mens MF har 26 traktorar siste månaden. Samla er februar 2013 heile 60 traktorar betre enn i fjor, og februar har ikkje vore så sterk sidan 2008.

Tar vi lagoppstillingane, held det svenske laget som står bak Lantmännen førsteplassen med 24,6 prosent marknadsandel. Det er heilnorsk på andre og tredje: Bertel O. Steens A-K maskiner held god driv på andreplass, hårfint framom dei norske felleskjøpa, med høvesvis 22,8 og 22,6 prosent. Agco-eigde Eikmaskin passerer på 20 blank og legg seg dermed på fjerde. Svært tett i toppen, med andre ord.

Derifrå er det langt, langt ned til resten av feltet, der overraskande Lena og Aase går først med 3,4 prosent, framom danskane sitt HCP-lag med like overraskande svake 3,0 prosent. Som vi jo veit, ein god start er viktig, men vi er enno tidleg i løpet. Dette er altså stillinga etter passering to månader. Enno er det ti månader att til målstreken. Sånn det ser ut no, er det berre ein ting som er sikkert: Mykje vil skje.

Powered by Labrador CMS