grasdag rd pottinger snittar karl birger solhaug

A-K tilbyr snittar att

Etter JFs exit frå A-K maskiner, har det vore langt mellom nye snittarar på norske traktorar. No kan maskintypen få eit nytt oppsving, med Pöttingers traktormonterte snittar med svinghjul.

Publisert

Produktsjef Karl Birger Solhaug er nøgd med å atter kunne by norske bønder ein slepesnittar.

Traktormontert snittar er ikkje noko nytt frå A-Ks hoffleverandør av grasmaskiner, Pöttinger. Dei to modellane MEX 5 og MEX 6 har vore i sortimentet ei tid, men selskapet har no funne fram støvbørsta og fiffa dei opp litt, og ikkje minst sett på ein pick-up. Dermed blir dei langt meir høvelege til å hauste gras med.

Satsar på slep

Den einaste vesentlege skilnaden på MEX 5 og MEX 6, er at førstnemnde er sidemontert mens sistnemnde er slept. A-K vil konsentrere seg om den slepte versjonen, som med sitt hydraulisk sideregulerte drag er fleksibel og kjapp å stille om frå transport til arbeid.

100 til 220 hk

I brosjyra nemner Pöttinger at snittaren høver for traktorar frå 100 til 220 hk. Karl Birger Solhaug i A-K maskiner antydar at effekt i området 120 til 140 hk er veldig passeleg under våre forhold. Ut over kraftuttak krevst ikkje meir enn eitt hydraulikkuttak og retur. All betjening skjer via eit enkelt lite panel i hytta, som regulerer magnetventilar på snittaren. Til styringa av tuten har du ein liten joystick.

Svinghjul

Mange kjenner JF-snittaren. Den har snittetrommel. Pöttinger har rotorsnittar, også omtalt som svinghjul. Altså eit arbeidsorgan med stor diameter (1,22 meter) og stor rotasjonsenergi. Knivane sit på flatsida av hjulet. Konstruksjonen gjer at snittaren lettare taklar å bli mata av ein ujamn grasstreng, og den får god kastelengde med stor blåseeffekt.Snittaren har integrert slipeapparat, som er enkelt å bruke og som sliper mens svinghjulet roterer den vanlege vegen. Snittelengda justerer du ved å velje å bruke alle dei ti knivane, eller du kan køyre med fem. Innmatingshastigheita regulerer du med å flytte ei reim mellom tre sett reimskiver. Teoretisk kuttelengde er mellom 11 og 38 millimeter.

Lang, nedfellbar tut

Vi treng kanskje ikkje seie det, men med god lengde på tuten er det lettare å få strålen dit du vil. Det tar Pöttinger konsekvensen av, med ein tut som rekk 4,75 meter over bakken, utstyrt med dobbel klaff. Vil du enda høgare, kan den leverast med forlengar. Som standard har den hydraulisk nedfelling.

Dimensjonar

Pick-upen er 1,9 meter brei, mens inntaksopninga har ein kjeft på 47 cm. Maskina veg 2,5 tonn, og har ein trekkrok som toler 1,8 tonn vektoverføring frå hengaren. Transportbreidda er 3,03 meter, og transporthøgda er 2,95 meter.

Relaterte artikler

    Powered by Labrador CMS