ku snø colourbox
ku snø colourbox

60 000 storfe omkom i snøstorm

Ein uvanleg tidleg snøstorm i Sør-Dakota i USA har kravd livet til meir enn 60 000 storfe. Uvêret førte med seg kraftig regn, så eit kraftig snøfall kombinert med sterk vind.

Publisert

Illustrasjonsfoto (colourbox)

Dyra vart først klissblaute av det kraftige regnvêret, før kraftig vind og snø som klabba seg fast på dyra gjorde dei så nedkjølte at dei fall daude om, eller dei var så utmatta at dei la seg ned og var kvelt under snøen, melder ulike amerikanske nettaviser.

No er arbeidet i gang med å samle saman dei daude dyra, og grave opp dei som framleis er begravde i snøen. Det er enno ikkje gitt retningslinjer for korleis det store talet daude dyr skal destruerast. Uvêret har også ført til at både dyr som har døydd og dyr som har overlevd har lagt ut på vandring, blanda seg med naboflokkar, og gått til område der dei normalt ikkje skulle vore.

Var på sommarbeite

Normalt har ikkje området slikt vêr så tidleg på hausten. Dermed har heller ikkje dyra fått skikkeleg vinterpels enno, og dei fleste var på sommarbeita sine. Mange bønder flyttar dyra til vinterbeite, der dyra lettare kan søke ly, seinare på hausten. Mellom dei avlidne dyra er der både eit stort tal kalvar klare til å bli slakta, og drektige kyr som skulle kalve til våren. Begge deler fører med seg store tap for dei råka bøndene. Det er ikkje vanleg å ha fjøsar i storfeproduksjonen i dette området.

Republikansk trass forverrar krisa

For å gjere situasjonen enda verre, forsinkar det økonomiske rotet til Kongressen, som har held statstilsette borte frå jobb, hjelpearbeidet for dei råka bøndene. Støtteordningane for situasjonar som dette vert fornya kvart femte år, og skulle vore fornya 1. oktober i år. Men no har republikanarane nekta å røyste over dette, dersom ikkje Obama stoggar helsereforma.

Talet storfe i USA er frå før det lågaste på 61 år, med totalt 89 millionar dyr.

Powered by Labrador CMS