Rydd i trafikkreglane – no!

Stadige innspel frå heile landet viser at trafikkreglane i den praktiske kvardagen er eit svært viktig rammevilkår for norske bønder, ofte med utslag som ingen politikar har meint slik. Under følgjer brevet som Norges Bondelag, Bedre Gardsdrift og Traktor- og Landbruksimportørenes Forening sende til landbruksministeren og samferdsleministeren i februar 2013.

Publisert

Ope brev - 8. februar 2013 til Samferdsleminister Marit Arnstad og Landbruksminister Trygve Slagsvold Vedum

Rydd i trafikkreglane – no!

Stadige innspel frå heile landet viser at trafikkreglane i den praktiske kvardagen er eit svært viktig rammevilkår for norske bønder, ofte med utslag som ingen politikar har meint slik.

Regelverket for traktor har knappast vore oppdatert sidan den gongen ein vanleg landbrukstraktor hadde 60 hestekrefter og gjekk i 30 km/h, med vekt som ein litt stor personbil. Etter som andre reglar er blitt endra, og traktorane er blitt større og større, har traktorane vakse seg inn i andre regelverk enn dei er meinte å vere underlagt. Samstundes har landbruket endra seg svært mykje, og traktorbruken deretter. Det å kunne bruke traktoren på trygt vis, utan unødige hinder, er ein føresetnad for å kunne drive landbruk som i dag.

Vi ber om ein omfattande revisjon av regelverket. Det vil gjere det enklare for tenestefolk frå ulike etatar å handheve regelverket, og traktorføraren vil kunne vite kva reglar som gjeld. Ein slik revisjon vil også redusere Vegdirektoratets behov for å gjere tolkingar og vurderingar, og den vil gi færre utilsikta uheldige utslag.

Stundom blir det sett fram ytringar kring konkurransesituasjonen mellom traktor og andre køyrety. Vi finn det difor rett å peike på at traktortransport aldri vil kunne konkurrere økonomisk med lastebiltransport, då kostnaden er langt høgare pr. kilometer for traktor enn for lastebil. Derimot har traktoren andre eigenskapar som ei kombinasjonsmaskin, som lar den fylle viktige samfunnsoppdrag. Vi vil også understreke at brevet primært gjeld problemstillingar der tyngda av bruken er knytt til jord- og skogbruk.

I framhaldet av brevet vil vi peike på emne som er særleg viktige å få svar på, fordelt på to bolkar: Først emne som snarast bør takast tak i, og deretter døme på problemstillingar som viser behovet for ein samla gjennomgang av alt regelverk for landbruksmaskiner i trafikken.

Vi ber om svar frå dei to statsrådane som har eit særleg ansvar for dette, knytt til punkta under: a) Kva vil bli gjort? b) Kor snart vi kan vente oss tenelege resultat?

Powered by Labrador CMS